Om skribenten

Navnet mitt er Alf Inge Eggøy. Eg er skaparen av denne nettsida. Side-syn er eit skriveprosjekt der eg freistar å få utløp for den latente skrive-trangen eg har hatt, som har lege å klødd i bakhovudet og fått meg til å gå å grunna på snirklete formuleringar i (for det meste) urealiserte lesarinnlegg og konfirmasjonstalar.  Tida er no komen for å ta desse formuleringane ut av hovudet, setja dei i system og senda dei over i den virtuelle verda - rett i synet på kven det måtte vera.  Utgangspunktet er å skriva om samfunns-saker, noko som er ein brei nok kategori til at det med litt velvilje kan favna det meste av det eg kan tenkjast å finna på å skriva om. Eg har valt å skriva på  nynorsk. Om du slit med å skjøna nynorsk, kan du til dømes læra deg det. Eller du kan bruka ei web-løysning som overset orda. Eller du kan fortsetja å irritera deg over at eg skriv på nynorsk, at du ikkje skjønar det, at du ikkje har tid eller lyst til å læra det, at du skulle visst om ei web-løysning som overset orda (til dømes wordify) og at du like gjerne kunne ha lest noko anna på ei mest sannsynleg litt dårlegare bokmåls-nettside. Valet er ditt.

Eg tek gjerne imot tilbakemeldingar. Både ros og kritikk skal eg forsøka å ta til meg. Eg håpar du har glede av side-syn.


 

Kontakt

 Side-syn kan kontaktast på Messenger (raskast responstid) eller e-post:kontakt@side-syn.no 

Sidesyn er òg på Facebook og Instagram