Alltidhjelp.no - den nye livssynsnøytrale hjelpetenesta

03.01.2024

Av Alf Inge Eggøy


Eg er overtydd om at nokon du kjenner har eller har hatt det vanskeleg på eit tidspunkt i livet. Mest truleg har du òg erfart noko i ditt eige liv som har vore utfordrande og vanskeleg å handtera. Det er mange som har det tøft psykisk. Livet er ikkje for amatørar. Kursen er ikkje alltid staka ut på førehand. Det kan vera vanskeleg å klara alt åleine. Lyset i mørkret er ikkje alltid lett å få auga på. Nokon gongar kan det vera heilt avgjerande å ha nokon å henvenda seg til. Nokre treng berre nokon å prata med, andre har kan hende akutt behov for hjelp og er usikre på kvar dei kan henvenda seg. Det er særs viktig å skaffa seg hjelp dersom ein treng det. Helst så tidleg som mogleg – men heller seint enn aldri.

Alltidhjelp.no – den nye hjelpetenesta

Alltidhjelp.no er ei ny-etablert hjelpeteneste for alle. Dei kan nåast på telefon 02356, chat eller mail . Alltidhjelp har tystnadsplikt, og ein kan vera heilt anonym om ein ynskjer det. Den digitale løysninga er sete opp slik at alle som tek kontakt vert anonymiserte, soleis at dei ikkje kan identifiserast av hjelpetenesta. Dersom dei vert gjort merksame på akutt fare for liv og helse, er Alltidhjelp pliktige å vidareformidla dette til naudetat eller anna relevant respons-teneste. I slike tilfelle har Alltidhjelp høve til å formidla IP-adresse vidare til den responderande naud-tenesta. Dette vil ikkje avsløra identiteten til brukaren, som vert verande anonym ovanfor Alltidhjelp. Alltidhjelp kan i slike høve støtta den trengande ved å delta i samtala med den aktuelle naud-tenesta, og soleis sikre at vedkomande får den hjelpa denne har trong for.

Kven og kvifor – bakgrunnen for etableringa

Bak spakane i Alltidhjelp finn me ekteparet Marcus og Irene Eggøy Hjertvik, som har eit brennande engasjement for hjelpetenesta. Marcus er utdanna sosionom og Irene har utdanning innan pedagogikk.

Det heile starta i Kirkens SOS der dei jobba som frivillige frå 2013 til 2018 – ekteparet skildrar ein flott organisasjon som hjelper mange. Men dei såg òg at ei hjelpeteneste med ei sterk religiøs tilnærming ikkje er like høvande for alle. Blant anna tilbyr Kirkens SOS å hjelpa gjennom bøn. Dette kan nok vera effektivt for somme, men høver nok best om ein er kristen. Då ekteparet ikkje sjølv er særskilt religiøse, kjendest det òg litt feil å tilby eit utval av ulike bøner til den som søkte hjelp. Etterkvart vaks det fram eit ynske om å starta ei livssyns-nøytral hjelpeteneste.

Irene fortel at ho med sin pedagogiske bakgrunn brenn særskilt for ungdom og ynskjer å gje dei ei teneste der dei kan våga å opna seg. Det religiøse aspektet kan gjere at enkelte vegrar seg for å ta kontakt.

Mange får ikkje den hjelpa dei treng

Marcus har arbeidd innan rus og psykiatri og har fyrstehånds erfaring med korleis dette fungerer. Han fortel at dei siste 20 åra er tal på sengepostar innan den offentlege psykiatrien i Noreg vorte halvert, i alt 2000 sengepostar er fjerna i denne tidsperioden. Dette skjer samstundes som behovet for psykiatrisk behandling er aukande. 75% av psykologar i det offentlege helsevesenet har minimum 6 månadar ventetid. Forsking på området syner at det ved psykiske utfordringar er vesentleg å få hjelp så raskt det let seg gjera. Problema vert fort store og uhandterlege. Det manglande tilbodet innan psykisk helse i det offentlege leiar soleis til at mange utviklar store psykiske utfordringar som dei ikkje får høveleg hjelp til å handtera.

Det er òg slik at mange har vanskar med å søkja hjelp for psykiske vanskar, særskilt i starten. Dette gjeld særskilt menn. Dette leiar til at når desse til slutt tek kontakt – er det ofte oppstådd eit akutt behov for hjelp. Når desse så opplever å møta det offentlege helsevesen med sine stengde dører og lange behandlingskøar kan det fort enda fatalt. Marcus fortel om tilfelle der personar som i desperasjon har kontakta legevakt utan å få hjelp, og der utfallet har vorte at dei tek sitt eige liv. Dette er ikkje uvanleg.

Irene fortel at det er mange ungdomar som kontaktar dei – og dei er ofte i villreie om kvar dei kan søkja hjelp. Ho erfarar òg at menn som tek kontakt ofte er forsiktige og har vanskar med å opna seg, og at dei gjerne treng ein del tid. Marcus tilføyer at dei er opptekne av at dei skal ha tid til å møta dei som tek kontakt på ein god måte. Dette står òg i kontrast til det offentlege, der det stundom er særs avgrensa kva ein behandlar kan ta seg tid til.

Dei tradisjonelle hjelpetenestene gjer mykje godt arbeid, men dei har utfordringar med å nå alle. Ifølgje Marcus var det 320 000 henvendelsar som i 2022 ikkje kom gjennom til dei to største hjelpetjenestene (Kirkens SOS og Mental Helse) i Noreg. Dette utgjer ca. halvparten av dei innkomande henvendelsane til desse to tenestene. Det er altså eit stort kapasitetsproblem som det offentlege helsevesen og dei etablerte hjelpetenestene ikkje klarar å stetta. Det er desse som ikkje får hjelp Alltidhjelp vil freista å fanga opp.

Oppstarta, finansielle støttespelarar og vegen vidare

No i oppstartfasa er det utfordrande å få finansiering frå det offentlege. Det kostar å etablera ei gratis hjelpeteneste, setja opp ei profesjonell plattform og drifta denne i vekstfasa. Samstundes må dei promotera seg sjølv, knyta kontaktar og syna at konseptet fungerer. Til dette har Alltidhjelp knyta til seg støttespelarar frå det private næringslivet. Blant anna har dei fått eit særs betydeleg bidrag frå Fritz Rieber i Rieber & Søn AS. Dette er Alltidhjelp særs takksame for. Hjelpa kjem godt med no når Alltidhjelp gjer seg klar til å veksa.

Alltidhjelp tek sikte på å verta ei døgnopen teneste og har mål om å knyta til seg 90 frivillige hjelparar til å operera plattforma.

Kontakt/opningstider

Kontaktskjema

Mail: post@alltidhjelp.no

Gjeldande opningstider pr idag er kvar dag frå klokka 18 til klokka 00.

Fredag og laurdag har dei ope til klokka 02.

Instagram 

Facebook

Bli medlem/frivillig

Dersom du ynskjer å støtta Alltidhjelp som medlem eller frivillig - trykk på lenkene.

Og med det vil Side-syn ynskja Irene & Marcus i Alltidhjelp.no lukke til vidare med denne flotte og viktige etableringa.

Kjelder:

Alltidhjelp.no

Intervju med Irene & Marcus Eggøy Hjertvik

Bilete: Pexcels.com og Alltidhjelp.no