Den svarte innsjøen

27.08.2024

Av A.I. Eggøy

Kva får du om du blandar grønt og svart?

Sjå nøye på biletet. Kva ser du? Det ser ikkje bra ut, eller? Tenkjer du at dette kunne vore noko for ein klimaaktivist å demonstrera imot? Skulle me satt Greta Thunberg på saka?

Eg skal ikkje halde deg på pinebenkjen. Det du ser er den svarte innsjøen i Bautou i indre Mongolia. "Og korleis kan ein innsjø verta svart?" undrast du kan hende. Jo- du ekstraherer enorme mengder av sjeldne jordmineralar og så pumper du alt det giftige restmaterialet ut på eit lavpunkt i terrenget. Og så: "Voila!" – Svart innsjø!

Og kva vert så desse sjeldne jordmineralane nytta til? Jau dei vert nytta i elektronikken i til dømes mobiltelefonar, batteri, kretskort og så bortetter. Generelt sett alt som har med elektronikk å gjere. Og ja – du gissa det nok. Alt som har med det grøne skiftet å gjere.

Så kva får du om du blandar grønt og svart?  Jau du, det vert ganske svart faktisk. "Men dette kan ikkje vere sant!" tenkjer du kan hende. I så tilfelle har eg eit oppdrag til deg;  ta rede på om dette  stemmer eller ikkje! For om du vil berga verda bør du helst gjera det i vaken tilstand. Så sjekk litt opp. Løft litt på teppet. Finn ut om den grøne malinga held seg.

Og hugs – det er ikkje noko slikt som ein gratis lunsj!

Bilete over syner den svarte innsjøen frå fugleperspektiv.

Kjelder:

BBC- The worst place on earth

Bilete: 

Wikimedia Commons & Gradedtalon.com