Diskusjon: "Håpium" i bokse-ringen
Prolog
Eg driv og diskuterar eindel med ein kjenning. Me er som regel rykande ueinige i det meste som har med energiomstilling å gjera. Men det gjer ikkje noko. Det ein vanlegvis gjer er å diskutera med dei ein er einige med. Då eg i yngre år hadde sommarjobb på eit oppdretts-anlegg, pleide labradoren til sjefen å jokka på låret mitt når den kom på visitt. Omtrent så interessant er det å diskutera med nokon ein er einig med. For hunden er det litt interessant. For guten er det litt mindre interessant...
Jaja, uansett. Me er ueininge. Men me held diskusjonen på eit høveleg, respektfullt nivå. Eg får stundom skjerpa eigne argument. Og innimellom må eg medgje at han har nokre poeng. Så eg syns det er litt kjekt. Og ingen av oss vert krenka. Og til sjuande og sist trur eg me er omforente om det endelege målet, som er å skapa ei betre framtid. Me er berre så avsindig ueinige om vegen fram.
Dette er eit lett redigert utdrag frå delar av denne diskusjonen. Eg har ikkje innhenta aksept frå min diskusjonspartner så her er det berre eg som kjem til orde. Dette er skrive rett ut frå toppen av hovudet og eg har ikkje sjekka kjelder så nøye. Det luktar ikkje Master-oppgåve akkurat. Men i ei tid då KI-genererte språk-modellar kan glansvaska sjølv det mest intetsigande fjas, kan det vere litt forfriskande med litt god, gamaldags "slærv". Eg driv ikkje med slikt. Men eg fekk Groc til å laga eit bilete. Og eit frå ChatGPT. Eg håper at alle de to som giddar å lesa dette, har ei aldri så lita finurleg glede av å gjere det. Så kos Dykk! Begge to!
Utdrag frå diskusjon (der kun Side-syn kjem til orde i denne omgang):
"No skal eg ikkje dra dette altfor langt då dette har vore ein nokså lang diskusjon allereie, men eg vil påstå at den grøne energiomstillinga i Vesten, ber preg av det eg tidlegare har kalla "Håpium" . Eg nyttar dette uttrykket for å skildra det eg ser på som ein overdreven eufori av teknologi-optimisme, kombinert med ei kjensle av at dette hastar så mykje at ein ikkje har tid til å gjera det skikkeleg. Dette står i sterk kontrast til den normale overreguleringa som EU systemet er kjent for.
Å rulla ut desse enorme endringane i energisystemet utan å samstundes implementera tryggleiksmekanismer som kan balansera systemet og hindra blant anna ukontrollert blackout, finn eg høgst uansvarleg. At ein tenkjer å etablera desse mekanismane i ettertid vitnar om ei utrulling som har gått for fort, og at ein truleg berre har anteke at dette ville la seg gjera litt lengre framme i tid. Slik eg les Vaclav Smil ser han på dette som meget utfordrande. Og han veit eit og anna. Det er òg sterke marknadskrefter som dreg dette i retning fornybart, det må ein ikkje gløyma. Det vert meldt om at minst 7 liv er gått tapt under Iberia- blackouten. Når det gjeld blackouten i Texas, stemmer ikkje det eg skreiv at det gjekk tapt 16 menneskeliv, eg tok talet frå ein sviktande hukommelse. Det riktige er 246 tapte liv. Eg syns det heile verkar å vera eit uansvarleg eksperiment der sikringsbarrierane skal koma inn etterkvart for å berga dei som var heldige nok til å ikkje døy før dei vart implementert.

Ein ser òg at dette rammar konkurranse-krafta på heile vårt kontinent samstundes som pengestraumar flyt ut av demokratiske velferd-statar og inn i enorme makt-hubar som Blackrock og Vanguard. Dette vil ramma oss både med auka arbeidsløyse og med ein forringa velferdstat som må begrensa sine økonomiske forpliktningar og redusera velferdstjenester til ein stadig aldrande befolkning. Kombinert med dårleg immigrasjonskontroll og integreringspolitikk, skapar dette grobunn for eit mindre demokratisk Europa der ytterliggåande krefter vil ha gode vekstvilkår. Desse faktorane heng saman.
Det grøne skiftet er total-avhengig av Kina. Kina har som mål å gjere heile verda avhengig av seg og samstundes gjere seg sjølv uavhengig av resten av verda. Såleis er det grøne skiftet ei lissepasning til Kina. Tanken er at me skal gjera dette for å visa veg for dei delane av verda som har eit anna syn på dette – og som ikkje er kome like langt i velferdsutviklinga som oss. Kina og India har kvar seg fleire innbyggjarar enn Europa og USA til saman. I tillegg har ein befolkningsveksta i Afrika som med tida vil gjere at kvart fjerde menneske på jorda er afrikanar. Desse må ut av fattigdom og til det treng dei energi. Ein kan kalle det at verda ikkje heng med når Europa skal gjere sin energitransisjon, men då gløymer ein at Europa er i ein privilegert posisjon og at resten av verda ikkje er det. Rett ut sagt- me har mange pengar å brenna på dette- og me gjer det. Dette styrkar Kina som sel oss alt metall, stål, sjeldne jordartar og sikkert og noko billeg plast-crap og anna me treng for utrullinga. Sjølv satsar dei hardt på kjernekraft og dei er kome langt på dette. I tillegg styrkar me andre autoritære statar som sel oss energien me treng til balansekrafta og for å supplera opp der "Håpiumet" har skapa løysningar som ikkje svarar til dei store forventningane. Dette styrkar alle dei som me skal visa veg, samstundes som det svekkar oss slik at me på sikt vert hengande etter. Og då har me ikkje eingong snakka om urolighetane i Taiwan-stredet. Taiwan står for 90% av verdsproduksjonen av micro-chips, noko det grøne skiftet er heilt avhengig av. Det har vore fabulert om at Europa skal produsera sine eigne micro-chips. Dei ventar nok til det er tomt i godteskåla. Og berre når det bles. Ein har sett korleis Europa handterer batteri-produksjon. Kan me verte like gode på chips-produksjon?
For det Tyskland åleine har brukt på det grøne skiftet siden det starta, kunne dei ha anlagt nok Hinkley C anlegg (verdas dyraste kjernekraft anlegg) til å vera heilt sjølvforsynt med fossilfri energi. Istaden har dei etablert fornybart i same takt som auken i fossilt slik at andelen av fornybart i energimiksen knapt har auka i det heile, og dei har no den skitnaste energimiksen i Europa. Eivind Trædal som har koblingar til MDG kallar det tyske Energiewende ein uforbehalden suksess. Han syns òg at utrullinga av el-bussar med miljødekk i hovudstaden var ein geni-strek. Ein ser det ein vil sjå. Eg håpar ikkje dette synet er representativt for heile fornybar-bransja. Det er eit skodde-syn som ikkje har noko med verda å gjera. Berre spør dei passasjerane som måtte ut for å skubba bussen.

Når det gjeld løysningar tenker eg at det er bra at verda går framover og at ein ikkje får utvikling utan ei positiv innstilling til oppgåva. Samstundes må ein ha ei realitetsorientering. Å blinda igjen for realitetar fordi ein jamnstiller det med negativitet, kan føra oss på ville vegar. Eg gjer meg ikkje på dette med nitrogen og ammoniakk. Ja det har heilt klart sine bruksområder, dette er ikkje noko nytt me har byrja med. Det er berre skaleringa og dei mange bruksområda som er nye og til dels fantasifulle. At bransjen er klar over at hydrogen er flyktig er ikkje det same at dei adresserar utfordringa. Har ein tal på kor mykje som lek ut og kva dette utgjer i klimaeffekt? Eg veit litt om lekkasjar i prosessanlegg, kor vanleg det er og kor vanskeleg det er å måla.
Og så er det, som ein finn andre stader i det grøne skiftet, noko med skaleringa. Det kan vere at eg har misoppfatta dette, men er det slik at planen er at maritim framdrift i sin heilhet er tenkt erstatta med hydrogen, ammoniakk og batteridrift? Det må eg nesten berre ønska lukke til med! Å erstatta 300 millionar tonn fossilt brennstoff årleg er ikkje ei lita oppgåve, i alle fall ikkje når brennstoffa må produserast med dei store effekttapa som hydrogen og ammoniakk har i framstillingsprosessen. Som på land finn ein òg i skipsfarten løysningar innan kjernekraft. Eksempelet er SS Gerald Ford som er utstyrt med 2 A1B reaktorar som kvar for seg generer 125MW elektrisitet pluss 350000 HK motorkraft . Urankjelda i desse reaktorane må bytast kvart 50. år. Løysninga er sjølvsagt absurd kostbar, men enorme kostnadar ser ikkje ut til å vera ein faktor å snakka om i det grøne skiftet. Dette er godt utprøvd teknologi. Merkeleg at det ikkje vert vurdert som ein del av løysinga. Som om Tufte IL kunne brukt Haaland som spiss, men velger å benka han for å gje Arne Bjarne ein fair sjans.
Eg skjønar at dette vert litt "rænt". Men eg er oppriktig bekymra over den litt religiøse positiviteten som pregar fornybar-bransjen sjølv når realitetene inntreff. Slik som den nylege blackouten, som eg skreiv om at kom til å skje for halvtanna år sidan i saka "Håpium". Eg trur Vesten har teke ei offer-rolle som kjem til å gjere stor skade og øydelegga mange liv, samstundes som me styrkar autoritære delar av verda og multinasjonale mega-konsern som har meir enn nok makt som det er. Dette er tungt uansvarleg ovanfor alle som vert ramma av det. Ein må skilja kva som er realistisk og kva som berre er positivitet og optimisme. Det er dumt å vera negativ til noko som gjev positive endringar, men det er riktig å vere negativ til noko som øydelegg fordi det er urealistisk. Det er dette med skaleringa igjen. Alt funkar fint i testanlegget, men når det skal gangast opp og påvirkast av ytre faktorar, funkar det ikkje allikevel. Eg tenker at det me ser no med investor-flukt frå havvind og hydrogen, batterifabrikkar som knelar og blackoutar i energisystemet er realitetane som tvingar seg fram fordi ein har unnlete å realitetsorientera seg i forkant. Ein må òg orientera seg etter korleis resten av verda agerer. Dette vert litt som å spela sjakk heilt upåverka av trekka til motstandaren. Om ein skal gjera Europa om til ein akterutseilt del av verda, der me i armod endar opp med å sjå Kina gjennomføra den energiomstillinga me ønskte så sårt- fordi dei gjorde det i riktig rekkefølgje, ja då er me på rett veg! Det heile er vorten eit kjempe-eksperiment som rammar hardast dei som minst har skuld i det, og lønar mest dei som fortener det minst. Det er min innsigelse til det grøne skiftet. I tillegg til alle dei betegnelsene eg måtte pådra meg fordi eg meiner som eg gjer, gjeven av dei som ikkje vil møta argumentasjonen på sakleg vis."
Ikkje som min diskusjonspartner. Men alle desse som går rundt og rallar… Det vere seg på den eine sida, eller den andre. Som ikkje klarar å skilja sak frå person eller fantasi frå røynda. Som stemplar deg rett i panna, når dei sjølv går tomme for argument. Din klimafornektar! Eller klimahysterikar! Eller nazist! Eller mopedist!
Dei gode diskusjonane er det verda treng no. Ein god diskusjon er som ein god whisky. Du kjenner at det luggar litt, men den gode kjensla kjem like bak –og den varer litt lengre.
Bilete: Groc, ChatGPT og Pexels.com
