Ei oppløftande soge om vedfyring

11.11.2023

Av: A.I. Eggøy

Side-syn er ein deprimerande plass å vera. I alle høve er det vorte slik i seinare tid, og det toppa seg kan hende litt i meste laget når eg skreiv om atom-krig og det overhengande potensialet for utslettelse av menneskeheita, og la det ut på ein fredag. God helg du! Forresten, veit du kor nær menneskeheita har vore å verta totalt utsletta? Nei, det visste eg ingenting om. Jaja det var jo ein fin tanke som kan ligga å gnaga i bakhovudet heile helga. Aiaiai… Nei eg må no berre beklaga! Verda er ikkje noko stad for sarte sjeler lenger. Eg tenkjer ein del på det. Men eg kan jo ikkje berre skriva om daud og fordervelse heller. Så no skal eg skriva litt om vedfyring.

Ein eg kjenner.., eller lat oss seie det var meg så ikkje vedkommande vert fornærma. Uansett – her er eit triks som funkar best om du har god økonomi – og mykje ved. Eg har varmepumpe i stova, men trør til med vedfyring på dei kalde kveldane – for å supplera med litt tilleggs-varme. Så hadde det seg slik at ein kveld eg fyrte godt opp, så vart det ikkje varmare. Eg fyrte og fyrte, henta meir ved og kjørte på. Både eg og kona sat og hutra og fraus. Og varmepumpa dura og gjekk, den fekk verkeleg kjørt seg den og. Gradestokken rikka seg ikkje ein millimeter over 18 grader Celsius. Då det var nesten klart for å krypa til køys oppdagde eg noko finurleg.


Ein eller annan Judas – mest sannsynleg meg sjølv i eit svakt augneblink, hadde stilt varmepumpa inn på Automatic. I denne modusen jobbar varmepumpa for å halda den temperaturen den er innstilt på, og dersom går over innstilt temperatur vil den byrja å kjøla. Soleis, di meir eg fyrte – di meir kjølte varmepumpa ned. Ein framifrå måte å verta kvitt både ved og straum. Denne soga har ikkje stort meir underliggande bodskap enn det – at om du er smart set du varmepumpa i oppvarmings-modus. Og om du er mindre smart set du den i Automatic. Men du vart kanskje i litt betre humør av å lesa det. I så fall kan du tenkje litt på det neste gong eg med rette malar fanden på veggen rett før du skal ta helg.

Bilete: pexels.com