Ei sak om villfaren petroleums-politikk

26.11.2024

Av A.I. Eggøy

Den globale oppvarminga er ei nokså heit potet. Det manglar ikkje på dei som ynskjer inngripande handling for å bremsa den globale termostaten. Eit av tiltaka mange klima-aktivistar, miljøvernarar og einskilde politikarar hegnar om er at den norske olje- og gassutvinninga må opphøyra så snart som råd er. Dersom ein skal setja eit slikt omveltande tiltak ut i livet, må ein fyrst vurdera om det er hensiktsmessig. At det vil setja sitt preg på Noreg treng ein knappast nemna. Dei samla inntektene frå norsk petroleumsverksemd var på 1 457 milliardar kroner i 2022. Ingen anna kjend næring kan erstatta desse inntektene. At Jonas Gahr Støre i si tid omtala havvind som den nye oljenæringa – kva skal ein seia om det? Det gjev kan hende ein litt flau smak i munnen på statsministeren no når Statkraft står igjen åleine som investor i Utsira Nord-prosjektet, etter at alle dei andre investorane har trekt seg. Det grøne skiftet har stifta bekjentskap med nokre harde realitetar i seinare tid.

Eg trur ikkje at havvind vert den nye olja. Eg trur heller ikkje at hydrogen, batteri-fabrikkar eller statleg straum-subsidiering av Google vert den nye olja. Men eg trur kanskje den gode, gamle olja kan verte den nye olja – dersom ein kan gje den ein ny sjanse. Men då må ein fyrst avdekka norsk petroleumsverksemd si rolle i verda. Vil den bikka verda over kanten av stupet eller vil den bidra til at verda vert betre å leva i? Les du Side-syn får du svar på slikt.

Kva hender om Noreg fasar ut petroleumsverksemda for tidleg?

Verda har ein samla etterspurnad av råolje på 102 millionar fat pr dag. Eit fat olje er på 159 liter. Omrekna i liter vert den daglege etterspurnaden 16,218 millardar(!!) liter. Den norske produksjonen dekker rundt 2 % av denne etterspurnaden.

Når det gjeld naturgass selde Noreg 117,3 milliarder Sm³ gass i 2023, som utgjer ca 2,6% av verdas produksjon. Den norske naturgassen har gjeve store netto utsleppskutt for Europa, som har fasa ut kolkraft til fordel for norsk røyrgass. Men Noreg briskar seg ikkje av den grunn, snarare tvert om.

Olje- og gass vert brukt som energikjelde, drivstoff, produksjon av kunstgjødsel og mykje anna som verda er heilt avhengig av. Petroleumsverksemda må sjølvsagt fasast ut på sikt men vegen fram til dette er lang og trøblete. Eit godt eksempel på dette er Tyskland som verkeleg har fått smaka kostnaden av å freista å leggja om energisystemet. Etter at krigen i Ukraina førde til bortfall av russisk røyrgass, og dei framleis valde å leggja ned sine siste kjernekraftverk – brenn Tyskland brunkòl som aldri før. Dei har òg teikna seg på langtidskontraktar for LNG-leveransar frå Quatar, og i prosessen overbydd dei pakistanske og indiske kjøparane som skulle ha LNGen i utgangspunktet. Dette førde igjen til at desse måtte starta opp sine kòlkraftverk for å erstatta bortfallet. Uansett, no har Tyskland Europa si skitnaste energiforsyning og verksemder har starta utflagginga. Ein lyt ha ein plan som er litegranne smart, for dette er ikkje plankekøyring.

Verda kjem ikkje til å merka stort til at Noreg stoggar å produsera petroleum. Skilnaden vert at dei må importera dette frå andre hald, deriblant autoritære regimer som Russland og araber-statane. Desse vil få ein styrka posisjon i marknaden, med ein konkurrent mindre. Den konkurrenten med den reinaste produksjonen. Så ein viss netto auke i klimautslepp vil det verte, det er ikkje til å unngå. For Noreg derimot vil dette verta rimeleg tøft. Med eit bortfall av i underkant av 1500 milliardar kroner i årlege inntekter, og ein velferdsstat som skal dekka stadig større utgifter – ja, kva skal ein gjera? Nokre tek til orde for å auka skattane. Smart det-det vert berre rundt kr 300 000 pr person dersom ein reknar med born, pensjonistar og uføretrygda,  men det spørs om ikkje betalingsvilja til folk flest dalar i takt med at dei offentlege godene vert stadig skrinnare. Ja, men me skal jo produsera hydrogen? EU vil jo importera hydrogen via gassledningen vår til Europa ( dette er faktisk sant, og nesten litt underhaldande! ). Ok men kor skal me få vår importerte naturgass frå då, skal me òg importera LNG frå Quatar? Vil det gjera oss til ein reinare nasjon? For å gjera ein lang harselas litt kortare; Noreg kjem til å koma dårleg ut om ein stoggar petroleumsutvinninga før tida. Om eg tek feil skal eg eta laptopen min.

Når verda skulle ta overgangen frå hest til bil, var det ikkje slik at dei fekk idéen om korleis ein kunne konstruera ein bil, skaut alle hestane, laga prototypen og så starta masseproduksjon. Det er ei trøblete rekkefølgje å gjera ting i. Så det må me unngå.

CO2-Utslepp: utelukkande negativt?

Eit premiss eg går med på er at utslepp av klimagassar har ein oppvarmande effekt på planeten. Der er forskinga nokså eintydig. At det ikkje er den einaste faktoren som spelar inn på oppvarminga er òg relativt etablert i forskarmiljøa sjølv om graden av omfang er nokså omdiskutert. At aukande CO2- konsentrasjon i atmosfæra berre er negativt, kan ein òg diskutera om ein tør. I alle høve har konsentrasjonen av CO2 ført til ei grønare verd, verda er 20% grønare no enn for 40 år sidan – tilsvarande eit område på storleik med USA. Dette gjev tilhøva for dyrking av mat lettare i nokre deler av verda.

Det er òg færre som døyr av kulde i ei varmare verd. Ein har stort fokus på dei som døyr av varme, men det er faktisk 9 gongar fleire som døyr av kulde. Med auken i temperatur vert desse færre i takt med at dei som døyr av varme aukar. Og det hadde ikkje du blitt informert om?? Det var det eg tenkte…

Bærekraftsmåla

Eit av FN sine bærekraftsmål er å handtera den globale oppvarminga. Men det er fleire. FN har totalt 17 bærekraftsmål. Her er lista:

1. Utrydda all fattigdom.

2. Utrydda svolt, oppnå mattryggleik, betre ernæring og fremja berekraftig landbruk.

3. Sikra og fremja god helse for alle.

4. Sikre inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle, og fremja livslang læring.

5. Oppnå full likestilling mellom kjønna, og myndiggjera kvinner og jenter.

6. Sikre berekraftig forvaltning av, og tilgang til, reint vatn og gode sanitærforhold for alle.

7. Sikre tilgang til berekraftig energi som alle kan ha råd til.

8. Fremja varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle.

9. Byggja robust infrastruktur, fremja innovasjon og bidra til inkluderande og berekraftig industrialisering.

10. Redusera skilnadar i og mellom land.

11. Gjera byar og samfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige.

12. Sikra berekraftig forbruk og produksjon.

13. Handla umiddelbart for å stogga klimaendringane og kjempa mot konsekvensane.

14. Verna og bruka hav- og marine ressursar på ein berekraftig måte.

15. Verna, byggja opp att og fremja berekraftig bruk av jordas økosystem, sikre berekraftig forvaltning av skog, trygge artsmangfaldet, kjempa mot ørkenspreiing og stoppa og reversera erosjon.

16. Fremja fredelege og inkluderande samfunn med velfungerande rettssystem og ansvarlege institusjonar på alle nivå.

17. Styrka mekanismane for implementering av måla, og fornya globale partnarskap for berekraftig utvikling.

Eg trur dei fleste kan vere eining i at om ein oppnår alle desse måla vil me få ei betre verd. Men det er ikkje alle måla som er like forreinelege. For mange i vår del av verda eksisterer berre mål 13 - å bekjempa klimaendringane. For mange i den litt mindre privilegerte delen av verda eksisterer ikkje dette målet i det heile. Dei døyr av forureina vatn og manglande energi. Mange døyr av partikkelforgiftning grunna at dei tilbereder mat og varmar seg på bål av tørka dyreavføring eller ved. Dei har meir enn nok med å klara seg frå dag til dag. Desse ofrar ikkje klimaendringane ein tanke.

Samstundes seier mange når dei blir spurt om kvifor dei engasjerar seg for klimaendringane, at dei gjer det i solidaritet med verdas fattige. Kanskje me skulle spurt dei om det var greitt fyrst?

Greia er at for å løfta samfunn ut av fattigdom treng dei tilgang på billeg energi. Det vil seie bensin, diesel og propan. Slik kan dei ta i bruk anleggsmaskinar, transportera mat, etablera anlegg for reint vatn, varma opp bustadar og starta industriar. Det er slik samfunn tek seg ut av ekstrem fattigdom – slik me ein gong gjorde. Skal me no nekta resten av verda å gjere det same. Då kan me i alle høve ikkje seie at me gjer det for dei. Å dra opp stigen etter oss er djupt umoralsk. For å låna eit Greta Thunberg sitat- utan å spørja om lov: «How dare you??»

Tenkjer du at dette ikkje stemmer? Klimapanelet har sjølv rekna på dette. Dei har i sin rapport av 2022 rekna på forholdet mellom målet om å bekjempa temperaturauke og å bekjempa svolt. Analysa tek utgangspunkt i at det no er 600 millionar menneske i verda som er ramma av svolt. Dersom ein legg opp til ein streng klimapolitikk med mål om å halda 1,5 gradersmålet estimerer rapporten med 400 millionar i svolt i 2050. Om ein følgjer dagens klimapolitikk vil antalet falla til 250 millionar i same tidsrommet. Eit særskilt godt argument for å ikkje auka påtrykket i klimapolitikken, noko ein definitivt vil måtta gjera om NetZero i 2050 skal ha meir sjanse enn ein snøball i steikeomnen.

Draumen om eit mareritt- ein altoppslukande villfarelse

Spør ein klimaaktivist eller ein heilt normal stortingspolitikar om korleis stoda er i verda, og du vil få til svar at det går lukt til helvete. Med jetmotor!

Greta Thunberg hevda i ein tale at « all forsking fortel oss at me er elleve år frå å utløysa ein irreversibel kjedereaksjon hinsides menneskeleg kontroll, som antageleg vil tyda slutten for sivilisasjonen slik me kjenner den.» Det var ikkje småtteri!

Tildigere miljøvernminister Espen Barth Eide nøyer seg med å erklæra at «verda stuper inn i eit mørkt hol… om ein ikkje løyser klimakrisa i tide.»

Eksempla er mange, mange fleire. Ungane vert fortalt om dette i skulen og på Barne-TV og det har skremt vatnet av ein heil generasjon.

FNs klimarapportar er nokså mykje meir edruelege. Dei medgjer at det vert problem, som aukar i takt med temperaturen. Men sjølv om samtlege alarmistar hevdar at dei støttar seg på forskninga har dei ikkje henta det frå FN sine klimarapportar. Eller jo, dei har det på ein måte. Det viser seg at dei fleste som uttalar seg på vegne av forskninga, det vere seg media, naturvernarar eller lovgjevande styresmakter refererer til eit ekstremscenario som klimapanelet har satt opp som eit ekstremt referansemål. Dette scenarioet er ikkje meint å vera realistisk, men bruker av det er så utbredt at det vert kalla «Business as usual»-scenarioet. Som igjen gjev ein vedvarane misoppfatning - det vert feilaktig anteke at scenarioet tek for seg den oppvarminga me ligg an til å få med dagens klimapolitikk.

Eksempel på dette:

NRK skriv i ein artikkel at temperaturen i Barentshavet vil stiga med meir enn 5 grader i dette århundre, dersom me ikkje lukkast med å ta grep. Artikkelen henviser til eit «Business as usual»-scenario.

Ein tommelfinger-regel du gjerne kan ha: Dersom du vert presentert for ekstreme visjonar for framtidig klima - kan du vera nokså viss på at dersom det vert henvist til noko form for kjelde, vil du finna at den er eller baserer seg på det såkalla «Business as usual»-scenarioet. Det er og heilt vanleg å nytta det ekstreme ytterpunktet i dette scenarioet eller endåtil gå litt over. Til dømes noko slikt som: « Havet vil stiga 3 meter innan 2100 dersom me ikkje tek grep umiddelbart!»

Scenarioet har betegnelsen RCP 8.5 I dette scenarioet legg panelet til grunn at verdas land heilt sluttar å utvikla teknologiske framskritt, alle nasjonar legg frå seg sin noverande klimapolitikk, ein stor befolkningsvekst med påfølgande stor auke i energi, der det hovedsakleg vert produsert energi av kòl. Implisert i scenarioet er og at ein ikkje er istand til å gjera tiltak som dempar effekta av endringane. Det er i dette scenarioet havet stig 1-3 meter, alle isbjørnane vert utrydda( bestanden er per no aukande) og det aller meste går til helvete. Har du høyrt det før? Det har du. Alle har det. Det er dette bodskapet som vert bragt til torgs. Dette er den offisielle versjonen. Og referansepunktet for einkvar vestleg klimalovgjevnad med respekt for seg sjølv. Ei radbrekking av FNs klimarapport.

Kvifor gjer dei dette? Nokre veit nok kva dei gjer, men ikkje alle. Det vert som ein ekstrem versjon av kviskreleiken frå barneskulen, der bodskapen vert litt forvrengt for kvart ledd. For nokre er det pengar å tjena. Til dels ganske ufatteleg mykje pengar. Pengebruk i seg sjølv er utslepps-genererande så dette heng ikkje heilt i hop. For andre er det ein form for uvitande sjølvrealisering.

FN sine rapportar er som sagt meir edruelege. Dei medgjev at det vert trøblete, men ikkje verre enn at det er eitt av 17 likeverdige mål som må oppnåast i samla flokk. Ikkje eitt altoverskuggande mål som må oppnåast for einkvar pris, uansett kostnad. Men ingen gidd å lesa ein rapport på dryge 3000 sider. Det er enklare å lesa overskriftene til Dagbladet, og sjå på det blodraude kartet dei bruker til å illustrera sommartemperaturane med.

Oppsummering

Eg skreiv denne saka som ein argumentasjon for å framleis utvinna petroleum i Noreg, og å gjera det utan skam.

Men kva får me utav å stogga produksjonen slik einskilde ynskjer;

  • Ein får eit Noreg som vil slita kraftig med å oppretthalda velferdsstaten og som må importera petroleum.
  • Bortfallet av vårt produserte petroleum vil verte erstatta av andre, deriblant autoritære statar som me til dels har eit anstrengt forhold til, og som produserer med høgare klimagassutslepp. Ein stryking av autoritære statar vil samstundes vera ein svekkelse av demokratiske.
  • Me vil òg bidra til at mindre utvikla land med befolkning i ekstrem fattigdom vil måtta venda seg til udemokratiske statar, for å få tilgang til energien dei treng for å ta steget inn i velstand.

Jaja, dette var jo verkeleg eit kinderegg frå helvete! Skulle me teke ei re-vurdering?

Du får tenkja litt på det! Me får snakkast!

Kjelder:

Hovedsakeleg har eg teke informasjonen til denne saka frå to bøker:

Oljeboka av Øystein Sjølie

Unsettled (2024-utgaven) av Steven Koonin

Desse bøkene kan eg verkeleg anbefala om du no sit med ei uggen kjensle av å ha vorte ført bak lyset. Ellers har eg ein genuin interesse for temaet så noko har eg teke frå eige hovud. Saka kunne vorte mykje lengre, men for å unngå å laga bok av dette har eg med vilje gjort det noko meir kortfatta. Om ein vil vita meir kan ein gjerne lesa til dømes «Oljeboka». 

Bilete:

Pexels.com    Pixabay.com    WWD.com (Thunberg-bilete)