Ein genial klima-idé

10.12.2024

Av A. I. Eggøy


Eg har fått ein idé, og den er heilt genial! Høyr no berre:

Kva om me tek ein kolossal stabel med kanadisk gran, kverner det opp til pellets, tørkar det på naturgass og så eksporterar me 3,5 millionar tonn pellets i året til Europa og Asia? Var ikkje det frykteleg smart du? Då får me akkurat det klima me vil ha!!

Ka sa du?? Berge klima? Skal me berge klima??? Ååå… Eg høyrde Bergens-klima eg… Er du sikker på at du ikkje sa Bergens-klima?? Du er heilt sikker på det ja? Jaja men då må nok eg ha fått ein talefeil på øyrene…

Ja men då kan me i alle fall ikkje gjere det sånn, det vert jo heilt feil! Ka sa du? Me gjer det allereie? Eller ikkje me men Canada då. Det kollektive oss… At da va?? Er da eit klimatiltak?? Verkeleg??

Er det difor det regnar så mykje??