Eit mørkt jubileum - atombomba fyller 75 år
Av: A.I. Eggøy
"We knew the world would not be the same. A few people laughed, a few people cried. Most people were silent. I remembered the line from the Hindu scripture, the Bhagavad-Gita. Vishnu is trying to persuade the Prince that he should do his duty, and, to impress him, takes on his multi-armed form and says, 'Now I am become Death, the destroyer of worlds.' I suppose we all thought that, one way or another."
"Me visste at verda ikkje ville bli den same. Nokon få lo, nokon få gråt. Dei fleste var tause. Eg hugsa linja frå den hinduistiske skrifta, Bhagavad-Gita. Vishnu prøver å overtala prinsen om at han skal gjera si plikt, og for å imponera han, tek han på seg sin fleirarma form og seier: 'No har eg vorte Døden, øydeleggjaren av verder.' Eg antek at me alle tenkte det, på ein eller annan måte. "
J.Robert Oppenheimer – amerikansk fysikar og leiar av Manhattan-prosjektet som utvikla atombomba – om korleis det opplevdes å vera tilstades under prøvesprengninga av den fyrste atombomba i New Mexico-ørkenen 16. juli 1945
Den tikkande bomba
Kva er
det som gjer deg redd? Er det fara for alvorleg sjukdom hjå deg sjølv eller
dine nærmaste? Er det den høgst usannsynlege fara for å befinna deg i eit
styrtande fly? Eller er det klimaendringar som bekymrer deg mest?
Det er no 75 år sidan atombomba vart oppfunne – og med det har menneskeheita hatt teknologien tilgjengeleg til å utsletta oss sjølve. Fara for utslettelse er høgst reel og ved fleire tilfelle har det vore reine tilfeldigheiter som har hindra atomkrig. Det er som om me alle har sete på ei tikkande og ustabil bombe gjennom heile livet. Allikevel inngår ikkje dette i dei daglege bekymringane til folk flest. Fara for atomkrig er som eit sovande monster me har gløymt å vere redde for. Og sjølv om krigen i Ukraina no har rista oss ut av dvala og synt oss at krig i Europa allikevel ikkje var utenkeleg, er det framleis ikkje total utslettelse me ser føre oss. Det vert for stort å ta inn over seg. Og altfor ubehageleg å tenkja på.
Den kalde krigen og atomkappløpet
Den kalde krigen er nemninga på den intense politiske konfrontasjonen som oppstod mellom USA og Sovjetunionen i perioden 1945–1991. Årsaka var dei betydelege interessemotsetningane mellom USA og Sovjetunionen som vart stadig meir framståande mot slutten av andre verdskrigen.
I USA påverka den kalde krigen sterkt amerikansk kultur og politiske institusjonar, økonomiske prioriteringar og ikkje minst førte krigen til ei massiv militæropprusting. Kontrasten til perioden etter første verdskrigen er stor, der USA søkte nedrustning og avspenning, til eit USA som etter andre verdskrigen stod for ei massiv militæropprusting for å sikra den leiande stillinga si i det internasjonale systemet. Den kalde krigen førte òg til eit veldig atomvåpenkappløp på begge sider, der verda enno i dag lever i skuggen av frykta for ein framtidig atomkrig.
Den amerikanske posisjonen var at USA skulle ha monopol på atombomba. Truman-administrasjonen var overtydd om at monopolet ville vara i 10–15 år, men i 1949 vart monopolet brote då russarane prøvesprengde si fyrste eigenproduserte atombombe. Det amerikanske motsvaret var å utvikla hydrogenbomba (1953), men denne teknologiske overlegenheten varte berre til 1955, då Sovjetunionen lukkast med å produsera si eiga hydrogenbombe. Deretter vart verda kasta ut i eit vanvittig atomkappløp, som kulminerte med MAD-doktrinen (Mutually Assured Destruction) – garantert gjensidig øydelegging . Begge partar måtte ha tilstrekkeleg reservekapasitet til å overleva eit atomangrep og vera i stand til å gjengjelda eit overraskings-angrep. Berre i eit slikt tilfelle var teorien at USA og Sovjetunionen kunne vera «sikre» på at dei ville unngå eit overraskingsangrep.
Det vart anslått at ein atomkrig ville kosta minst 150 millionar menneske livet i fyrste fase, deretter mange fleire som eit resultat av dei forferdelege konsekvensane av ein slik krig, om det i det heile var mogleg å oppretthalda noko form for sivilisasjon etter ein atomkrig. Atomkappløpet førde til at mange menneske levde i frykt for både moglegheita av ein tredje verdskrig og atomkrig, som i sin ytste konsekvens kunne føra til utsletting av alt liv på jorda. Trusselen om atomkrig nådde høgdepunktet sitt under Cubakrisa i 1962.
Stanislav Petrov - ein tilfeldig helt
Du har sannsynlegvis aldri høyrt om Stanislav Petrov. Men mest sannsynleg hadde du ikkje vore i live om ikkje han hadde vore på jobb 26. September 1983. I 1983 hadde den kalde krigen mellom USA og Sovjetunionen pågått i snart 40 år. Både russarane og amerikanarane hadde nok atomvåpen til å utsletta verda med god margin. Dei som opplevde 80-talet kan nok erindra ei kjensle av paranoia i samfunnet, som seinare er gått i gløymeboka. 1. September 1983 skaut Sovjet ned Korean Air Lines flight 007 som var på veg frå Seoul til Anchorage i Alaska. Nedskytinga skjedde i nærleiken av øya Sakhalin i Russland og resulterte i at alle 269 personane om bord vart drepne. Flyet hadde kome inn i Sovjetisk luftrom ved ein feil og vart skoten ned under mistanke om at det var eit spionfly.
Den dåverande amerikanske presidenten Ronald Reagan kalle det ein massakre, og nytta nedskytinga som ein ekstra grunn til å plassera ut cruisemissiler i Vest-Tyskland. Dei skulle kunna nå Moskva på under 10 minuttar.
26. September 1983, var oberstløytnant Stanislav Petrov på vakt i ein hemmeleg kommandosentral for overvakning av atomvåpen. Sovjetunionen hadde fleire satellittar i verdsrommet som skulle varsla dei så tidleg som mogleg dersom USA skaut opp interkontinentale ballistiske missiler lasta med atomvåpen. Minst ein av dei overvaka luftrommet over USA 26. september.
Klokka 0:15 russisk tid gjekk det av ein alarm. Datasystemet melde at ein atomrakett var skote ut frå ein amerikansk militærbase på vestkysten av USA. Stanislav var den øvste ansvarlege i bunkeren. Han kommanderte dei andre til å sjekke systema. Det var berre rundt 20 minuttar til bomba kom til å treffa ein stad i Sovjetunionen.
Dei sovjetiske romsondane hadde i oppdrag å seia frå dersom dei oppdaga den uvanlege flamma frå rakettane mot det kalde verdsrommet som bakgrunn. I datasystema som Petrov overvaka var det ingen tvil. Signalet var heilt påliteleg. Etter kvart dukka det opp i alt 5 rakettar på skjermen. Dei infraraude instrumenta som skulle fanga opp varmen frå atomrakettane stadfesta at dei var på veg. Men i tillegg til romsondane hadde Sovjetunionen radarar som kunne oppdaga missilane når dei kom innafor rekkevidde. Petrov var usikker på det datamaskinene fortalde han. Han ville ha ei stadfesting frå radarane.
Petrov si oppgåve var å varsla den sovjetiske generalstaben om eit foreståande atomangrep. Dette ville sett dei sovjetiske militære styresmaktene i full alarmberedskap, med ballistiske rakettar med over 11000 stridshovud – klar til motangrep. Ingen ville ha overprøvd Petrov dersom han gjorde det han var pålagd å gjere – å melde frå om angrepet.
Det som fekk ein sterkt pressa Stanislav til å nøla var at han vurderte det som merkeleg at USA valde å angripa med så lite som 5 rakettar. Han ville ha forventa eit langt større angrep frå amerikanarane. Intuisjonen hans fortalde han at det var noko som ikkje stemde.
Etter ei stund bestemde Petrov seg og ringde Hovudkvarteret. Han fortalde dei at det var ein feil i varslingssystemet, utan å ha anna å forhalda seg til enn ein intuisjon om at det systema fortalde han ikkje stemde. Hadde han teke feil, ville det ikkje teke lang tid før den fyrste atombomba eksploderte. Det viste seg at Petrov hadde rett, utan at nokon kunne forklara korleis denne feilen i varslingssystemet kunne oppstå.
Ingen av dei andre som kunne ha vore i Petrov si stilling denne natta, ville ha teke den avgjersla som han tok. Sjølv om Petrov mest sannsynleg hadde avverja ein atomkrig som kunne ha utsletta menneskeheita, mottok han reprimande frå sine overordna for ikkje å ha fulgt protokoll.
Dette var ein av fleire episodar under den kalde krigen der reine tilfeldighetar endra historia og berga oss frå utslettelse. Me har nemnt Cuba-krisa. Ein anna episode som kunne ha enda fatalt var då det 25. januar 1995 vart skote opp ein forskningsrakett frå Andøya rakettskytefelt. Russland var ikkje blitt varsla om dette og trudde det var ein atomrakett. I dette tilfellet skal Russland sin dåverande president Boris Jeltsin ha hatt den svarte atom-kofferten framme, klar til å starta motangrepet mot USA. Til alt hell fall raketten i sjøen før den nådde russisk luftrom og såleis vart situasjonen avverga. Etter den kalde krigen mjukna frontane opp og denne overhengande trusselen hamna litt lengre bak i bevisstheita til folk. Det verka ikkje så farleg lengre. Men trusselen har vore tilstades i alle desse åra.
Verda idag
Når ein ser på tilhøva i verda i dag, kan ein verkeleg verta skremd. Ein ny verdskrig er ikkje lenger så utenkeleg som det var for nokre få år sidan. Samtidig er moglegheitane for fatale misforståingar, cyberangrep og spreiing av falsk informasjon nærmast endelause i den digitale tidsalder. Dersom den einaste barriera vår mot total utslettelse er ein tilfeldig enkeltperson si evne til å vurdera om informasjon som framstår som genuint ekte eigentleg er falsk, kan me fort enda opp ein stad der me ikkje vil vera. Det er ikkje mange som ville ha reagert slik som Petrov gjorde under eit slikt press.
Eg som enkeltperson kan ikkje påverka dette i nemneverdig grad. Men eg ynskjer å bidra til å gjera det kjent. Me må alle vera vakne for denne trusselen, og spreia denne bodskapen så langt det let seg gjera. At menneskeheita har klart å framstilla eit våpen som kan brukast til å utsletta seg sjølv er perverst ironisk. Det er uendeleg smart og uendeleg dumt på ein og same tid. Dette bør bekymra oss alle. Samtidig er det viktig å halda motet oppe. Det er nok eigentleg ingen som ynskjer at det skal enda slik. Kan ein håpa at dei som sit på denne makta, skjønar kor lett dette kan gå gale - og dermed legg inn meir robuste barrierar som hindrar dei i å agera på misforståelsar? Kan våre verdsleiarar evna å utvisa varsamhet, om ikkje anna så av den enkle grunn at det ikkje gjev meining å utsletta verda for å vinna ein krig? Det kan verka naivt, men ein kan alltids håpa. Ein ser at Russland og Nord-Korea stadig trugar med å gå til dette skrittet. Men sabel-rasling og retorikk er ikkje det same som handling. Det er mykje psykologisk spel involvert. Atom-våpena held verdas maktbalanse i sjakk - og alle veit at prisen for å trykkja på knappen er ekstremt høg.
Det vart mørkt dette – og særskilt deprimerande. Om dette var noko du ikkje ville vite, ber eg om orsaking. Eg ville heller ikkje fortelje om det. Men nokon må løfta dette opp i lyset. Vekta opp mot utslettelse av menneskeheita - er det lite som er viktigare å skriva om. Dette fortjener vår kollektive fulle merksemd.
Kjelder:
Den kalde krigen – Store norske leksikon (snl.no)
Stanislav Petrov: Mannen som redda verden fra atombombe og krig – Langlesing fra NRK Trøndelag
Podcast: Sam Harris - Making Sense of Existential Treath and Nuclear War
Bilete:
Stanislav Petrov/ bilete av soppsky: Wikimedia Commons
Øvrige bilete: Pexels.com