Eksportkabel-funderingar

27.01.2025

Av: A. I. Eggøy


I kjølvatnet av direktivstriden i Regjeringa har eg gjort meg nokre funderingar. Kvifor utvekslar Noreg straum med kontinentet? Eg skjønar den openbare grunnen som består i at Europa er  verdas største importør av straum. Det er sjølvsagt at Europa ynskjer eit sugerør opp til oss. I den utstrekning at dei trugar med konsekvensar om dei (EU) ikkje får det som dei vil. Men er dette klokt utfrå eit norsk perspektiv?

Eg skal gjere dette kort. Eg er ikkje sivilingeniør eller fagmann på noko vis. Men eg har gjort meg nokre funderingar.

Det er klokkeklart at om du produserar straum er denne internasjonale marknaden vorten ein formidabel gullkalv. Pengane nærmast fossar inn hjå alle som tilbyr straum for sal, og her er Staten ein stor aktør så dette er god butikk.

Men systemet har store øydeleggjande ringvirkningar då straum er ein viktig innsatsfaktor i alle ledd i det norske næringslivet. Den norske næringskjeda vert ramma av at det som har vore eit av få konkurransefortrinn me har hatt i landet, no er prisgjeven dei internasjonale marknadskreftene. Store industriaktørar kan gjerne forhandla seg til handterbare straumavtalar til ein viss grad, men særleg for småbedrifter er dette fort strået som knekk ryggen på kamelen. I tillegg rammar det husholdningane hardt både direkte via høgre straumprisar og indirekte gjennom at alt anna vert dyrare. I eit kaldt vinterland der det er politisk vedteke at husa skal varmast med straum. Uansett kven som vinn er det alltid bestemor - (og bestefar (eg dreg ikkje kjønnsdebatten lengre idag, det håpar eg dei gamle er glade for...) ) som tapar. Eller for å seie det med andre ord: den grøne energipolitikken tek frå dei som har minst og gjev til dei som har mest. Som ein dement Robin Hood, som har gløymt korleis det skulle vera.

Det er ingen løyndom at presset frå EU er stort. "Signer dei direktiva no, eller kjenn på konsekvensane…" Ein skal ikkje sjå vekk frå at Støre ein morgon vaknar med eit avkappa heste-hovud på puta (det må vera rom for ein Gudfaren-referanse innimellom…) Dei dreg fram handels-kortet, fiskeri-kortet, forsvars-kortet… Men medan ulempene for EU i denne avtalen er nær sagt ikkje-eksisterande er dei nokså formidlable for det norske samfunnet. Skeiv-forhaldet i denne avtala er nokså formidabelt. Det er nok difor det må lygast når bodskapen skal seljast inn til dei som nok ein gong skal betala prisen. Men styringspartia ser ut til å vera meir opptatt av at dei tapar veljarar, enn å grunna på kvifor. Arbeiderpartiet har like greit proklamert at dei skal vera ein garantist for lave og føreseielege straumprisar i Noreg. Som jo er ei kjempegod trøyst når ein sit i mørkret og suttar på eit knekkebrød.

Straum er ei vare som eigenteg ikkje er eigna for eksport grunna effekttap i overføringa. Ifjor forsvann ca 1 TW ( 1 milliard kilowatt-timar) i effekt-tap. Det kan vere noko å ha i mente når du må tilleggs-isolera huset ditt om nokre år for å spara eit par tusen kilowatt-timar.

I høve forsvars-aspektet har ein sett kor sårbart kontinentet vårt er for konflikt med Russland. Med tanke på all sabotasje som har forekome på havbotn i nærområda våre dei siste åra, framstår sjøkablane til EU og England som særskilt sabotér-bare. Det er slettes ikkje utenkeleg at Russland med tida vil ramma slik infrastruktur.

Det vert argumentert med at Noreg, sjølv om me stort sett har overskudd av energi, i gitte tilfelle vil måtta importera. I framtida vert me forespegla at me vil ha underskudd. I beredskaps-samanheng verkar det nokså uklokt om kablane til utlandet som lett kan takast ut av fiendtlege aktørar, skal vere ein del av vår beredskaps-løysning. Reint intuitivt verkar det smartare å byggja opp eigen kapasitet slik at me kan ta heile lasta i såkalla tørr-år og andre periodar som avvik frå normalen. Og helst unngå å eksportera ut magasinkapasiteten rett før desse eventualitetane inntreff.  Ein side-effekt av dette vil vera at argumentet om at me i gjevne tilfelle må importera straum fell bort, slik at ein med rette kan kalla kablane for eksportkablar (og sabotasjemål) . Ikkje utjevningskablar som ein no beteiknar dei som, når ein vil dekkja over at dei nestan utelukkande vert nytta til eksport.

Om ein skal gjennomføra dette bør ein nok satsa tyngre på regulerbar produksjon som vatn og kjernekraft, slik at ein ikkje kjem i knipe i dei kalde høgtrykksperiodane eller dei tørre somrane ein kan oppleva innimellom. Den normale overkapasiteten må sjølvsagt nyttast til noko samfunns-gagnleg. Eg ser ikkje vekk frå at eit par sivilingeniørar kan brainstorma litt på det. Det er gjerne grenser for kor mykje ein skal synsa… Men synsing eller ikkje, eg er heilt sikker på at dette ville ha gagna samfunnet vårt langt meir enn det sinnsvake systemet me har idag.

Bilete: Groc