
Europa etter 04.03.2025
Kva no, Europa?
Av A.I.Eggøy
Etter "shit-showet" i Washington sist fredag, der eit allereie nokså anspent forhold mellom Trump og Zelensky passerte eit nytt lågmål – ser me no eit Europa som førebur seg på å støtta Ukraina, koste kva det koste vil. Med eller utan stønad frå USA. Enkelte, som Jonas Gahr Støre (som atter ein gong framstår som langt meir skikka som utanriks-minister enn som statsminister) anmodar om å trø varsamt og forankra støtta hjå USA. Andre, med dansk statsminister Mette Fredriksen som eksempel, er meir uforbehaldne i si støtte - og er ikkje framande for å setja Europeiske militærstøvlar på Ukrainsk jord. I dag kom nyheita om at USA trekk si militære stønad til Ukraina. Kan dette tvinge Zelensky til forhandlingsbordet? Tonen frå Zelensky er ein annan i dag. Han hevdar å angra opptrinnet i det Kvite hus. Trump angrar ingenting, som forventa. Politikarane våre er no synleg prega av situasjonen. Me er kome til eit vegskilje i Europa. Eg har nettopp sett talen til Kennedy under Cubakrisa, og skulle inderleg ynskt han framleis var i live.
Grunnen til at me står i denne situasjonen er at Russland og Ukraina ikkje er omforente om kva som er eit akseptabelt grunnlag for ei fredsavtale. Ukraina ynskjer Nato-medlemskap. Russland har gått til krig for å hindre dei i dette, og ingenting tyder på at dette standpunktet er endra. Trump på si side har freista å ta forhandlingane direkte med Putin, og samstundes inngå ei avtale med Ukraina som sikrar USA tilgang på sjeldne mineralar og som skal fungera som ein tryggleiksgaranti ovanfor Ukraina ved at dei etablerer marknadsinteresser i landet. Men frontane er steile i denne krigen og partane står langt frå kvarandre. Det alle partar kan ta med seg heim er at den sanselause drepinga tek slutt og at det ikkje eskalerar til ein atomkrig. Men det er altså ikkje nok.
Ei tidleg fredsavtale
Det høyrer med til historia, sjølv om det er underkommunisert i vårt vestlege narraitiv at det i mars 22, ein månad etter at Russland gjekk inn i Ukraina – vart forhandla fram ei fredsavtale i Istanbul. Dette var ei avtale om eit nøytralt Ukraina som Putin og Zelensky var budd på å signera. Prosessen vart stogga av den dåverande britiske statsministeren Boris Johnson som på vegne av vesten anmoda Zelensky om å fortsetja krigen – med lovnad om oppbakking og medlemskap i Nato. President Biden stilte seg bak dette. I løpet av dei påfølgande tre åra har over 1 million* menneske blitt drepne og skada i krigen. Så denne regionale krigen, som partane var einige om å avslutta for 3 år sidan– har altså vorte halden i live av Vesten, på trass av at den kan enda med atomkrig? Er dette ein stadfortreder (proxy)-krig? Ein krig som vert utkjempa av Ukraina på vegne av Nato? Mange avfeier dette som konspiratorisk vissvass og rein putinisme. Men Boris Johnson har sjølv vedgått at dette er tilfelle. Ein kan seie så ymse om Johnson men putinist trur eg ikkje han vert kalla så ofte. Det han seier er at krigen burde vore eskalert mykje meir. Atomkrig, anyone?
Zelensky har stått i dette i tre år. Han har kjempa denne krigen på vegne av Biden og Johnson, og med tryggleikslovnadar frå Nato som no glir ut av hendene hans. Han har vore beintøff. Men det må enda her! Ukraina er ikkje tjent med dette. Dei vert sakte men sikkert gnura isundt. Dette er uthaling av ein pågåande tragedie, ein krig Ukraina sakte men sikkert tapar på slagmarka. Skal me verkeleg froventa dette av unge ukrainarar? At ungdommar på 18-19 år skal slepast ut av heimane sine, og kastast inn i kjøttkverna. For å læra Russland ei lekse?
Nord Stream-sabotasjen: korleis passar det inn i narrativet?
Ei anna sak som har vore mykje omdiskutert og konspirert rundt i løpet av krigen er sprenginga av Nordstream 2. Gassledninga mellom Russland og Europa. Eg veit ikkje kven som gjorde det. Men eg veit kven som lova å gjere det… Tyskland sin rikskanslar Olaf Sholz var augnevitne. Svenskane etterforska det, men gjekk aldri ut med resultatet. Tenk sjølv! Kor plausibelt er det at Russland saboterte si eiga milliardinvestering som gav dei gode inntekter? Når endåtil USA sin president annonserar på førehand at dette skal han ta seg av? Er det heiiiiilt sikkert at ikkje vestlege interesser har gått litt forbi det defensive narrativet som er lagt fram for oss? Det er pengestraumar involvert i dette, òg på vestleg side. Det pleier ofte å gje nokre løynde motiv. Eksisterer det eit militær-industrielt kompleks som skyv Nato inn i konfliktene i verda? Må ein vere Putinist for å hevde noko slikt? Leik no litt med tanken: kva ville eit militær industrielt kompleks bestått av? Finaniselle interesser? Sjå for deg eit sekund at Nato ikkje berre er dreven av ei akkumulering av mellom-statleg godheit. At det faktisk fins nokre private aktørar i vår vestlege sfære som anser krig for å vera bra for business. Korleis skulle desse ha halde det gåande dersom det braut ut fred? Finansielle krefter har det med å vilja ekspandera. Kor sterke ville desse kreftene ha vore? Nok til å påverka politiske beslutningar hjå verdas største militærmakt? Leikar eg med konspirasjonar no? Tja, eg veit korleis eg sjølv ville ha tedd meg- om eg var eit militær-industrielt kompleks...
Eit narrativ er ei historie me nyttar som ein forenkla forklaringsmodell, slik at det skal verte forståeleg for oss uskulerte. I eit krigsnarrativ som dette, vil narrativet skildre skilnaden på heltar og skurkar. Kvar part har sitt narrativ - og alle identifiserar seg som helt- og motparten som skurk. Sanninga er ofte ikkje fullt så Disney-aktig. Og krig er ikkje som i Ringenes Herre. Når det ser som mørkast ut, ordnar det seg ikkje. Ikkje i røynda. Det vert berre enno mørkare. Dette sjuke sirkuset må stogga no.
Støtte til Ukraina – kva inneber det eigentleg?
Kva er støtte til Ukraina? Venstre-leiar Guri Melby har lenge vore klar for å gje så det monnar. For ei tid tilbake meinte ho at 105 milliardar kroner var den rette summen, ein kan gjerne anta at dette no er for lite. I alle høve vert dette småsummar i høve MDG sitt foretrukne bidrag, dei vil gje 1000 milliardar kroner– som ein startsum. Men ein kan ikkje berre mate dette inn i det militære apparatet til Ukraina og tru at det endrar noko. Dessutan: for kvar dag krigen rasar døyr hundrevis av Ukrainske og russiske soldatar. Ungdommar som ikkje har gjort stort verre enn å verta fødde på feil stad til feil tid.
Ukraina slit med å mobilisera tropper og det er mangel på krigsmateriell å supplere dei med. Mykje av våpenproduksjonen me kan tenkast å produsera opp vil vera avhengig av tilgangen av blant anna microchips- all avansert våpenteknologi som dronar og liknande vil trenge dette. 90% av verdas produksjon av mikrochips går føre seg i Taiwan, som fort kan vere på kinesiske hender.
Ein kan fort ende opp i ein situasjon der det ein må gjere for å støtta Ukraina ikkje er å sende store pengesummar, men å setta støvlar på bakken – å støtta dei militært i konvensjonell krigføring. Europa har nok pengar til dette. Men me vil då vere ein aktivt deltakande part i krigen. Kor langt er me viljuge til å gå? Og vil me ha våpen til å stø oss på?
Støtte til Ukraina er ikkje poserande støtteerklæringar på Facebook som du klemmer inn mellom fredagstacoen og "Nytt på nytt." Det er heller ikkje å drukne dei i pengar – me druknar sjølv i pengar. Det vert for enkelt. Ekte støtte -det er å ha vilje til å senda sine eigne born til frontlinjene for å døy. Å mata dei inn i den same kjøttkverna som ukrainske styrkar har levd med og døydd av i tre lange år. Å kjenne lukta av blod og innvollar. Har du mage til det? Me som aldri har vore ein einaste dag i livet nedom øvste trinnet på Maslows behovspyramide… Det me kjenner til av krig inngår i skjermtida vår, det er noko heilt anna å oppleva det i røynda. Det gjer noko med deg, å sjå nokon du er glad i bli sprengt i filler av ei drone eller forsvinna under belta på ei stridsvogn. Eller høyra dei skrika frå eit brennande hus. Krig er eit sant helvete! Erfaring frå CounterStrike tel ikkje.
Det byrjar med fredsbevarande styrkar. Kor går skiljelinjene mellom fredsbevarande og operative styrker? Med støvlar på bakken tek ikkje dette lang tid, berre akkurat lenge nok til å venje seg til tanken. Skiljelinjene vert viska ut fort som faen. Krigen blør over i Polen og breier seg utover derifrå.
Eller me kjem på offensiven og med våre soldatar i konvensjonell krigføring klarar me å trenga Russland opp i eit hjørne – kva hender då? Eg tvilar ikkje eit sekund på at eit Russland som kjenner seg eksistensielt truga vil ta i bruk atomvåpen. Kva seier magekjensla di?
Ein atomkrig er etter alle solemerker det verste av alle moglege helvete me kan klara å manifestera på jorda. Dette må me unngå for einkvar pris. Ingenting i verda er så presserande at det er verdt å starta ein atomkrig over.
Om du er nyfiken på korleis ein atomkrig artar seg kan du lesa boka Nuclear War: A Scenario av Annie Jacobsen. Den ekstra tida du får grunna tapt nattesøvn dei neste vekene kan du nytta til å preppa. Men i grove trekk artar det seg slik. Dei som er heldige døyr av sjølve smellen. Dei litt mindre heldige døyr av stråling i dei påfølgande vekene. Og dei aller minst heldige som vil utgjera over halve verdas befolkning, vil få oppleva atomvinteren. Ein fleirårig vinter forårsaka av radioaktive skylag som blokkerer sollyset. Eg vil nødig verta for grafisk – men dette vil ingen oppleva.
Om diplomati -JFK og tala som redda verda
Noko som er påfallande i og med at det står så mykje på spel i denne krigen er fråveret av diplomati. Dialog med Kreml har vore sett på som samrøre med fienden og har vore noko ein har teke mål av seg å unngå for alt i verda. Biden hadde ikkje ein samtale med Putin ifrå krigen starta til han gjekk av som president. Like greitt kan ein kanskje hevda: ein veit jo ikkje heilt kva han ville kome til å sagt. Trump på si side kontakta Putin allereie før han inntok presidentskapet. Eg skal ikkje hevda at Trump er noko form for suveren statsleiar, han kan vere både ufyseleg og uberekneleg og kva han klarar å oppnå er fort basert på flaks/uflaks og kva han måtte få av plutselege innskytelsar og impulsar der og då. Men der Trump nok kan komma til å forårsaka tredje verdskrigen som eit hendeleg uhell, men ikkje om me har flaks – trur eg Kamala Harris ville ha videreført linja til Biden der ein steg for steg nærmar seg det fatale utfallet på same måte som ein kokar ein frosk ved gradvis å auka temperaturen på vatnet. Og no har Trump kasta korta. Det kan enda her eller me kan gå til krig. No er det opp til Europa.
Noreg er jo ikkje ukjend med diplomati – me fauk jo til og med Taliban inn til Oslo for å diskutera kvinnesyn og menneskerettar. Espen Barth Eide har ein diplomatisk god tone med Iran. Men å snakka med Putin – der går altså grensa. Det kunne jo kan hende hatt ei viss dempande effekt og ein kunne fått greie på kvar dei raude linjene faktisk går. Eller kva motparten er viljug til å akseptera. Ei open linje mot Kreml kunne til dømes avklart situasjonen om den skulle verte så spent som den var under Cubakrisa, då dei raude knappane kom på bordet. Då har ein ikkje tid til å leita opp telefonnummer.
Under den største krisa verda har sett vart dette med diplomati handtert heilt annleis. President John F Kennedy haldt dialog med motparten Nikita Khrusjtsjov sjølv når det koka som verst. Verda har aldri vore nærare atomkrig. Det enda med at Kennedy haldt ei tale der han skildra konflikta i klartekst, meddelte verda korleis USA var viljuge til å svara på trugsmålet, og korleis dette ville innebera gjensidig utslettelse- og til sist oppfordra Sovjet til å gå med på felles de-eskalering. Noko Khrusjtsjov tok til seg og gjekk med på. Og med det enda den mest nerveslitande episoda i moderne tid. Mot alle odds. Hadde Kennedy køyrt same taktikken som våre noverande leiarar praktiserer, hadde vår sivilisasjon opphøyrd å eksistera i 1962. Ein statsleiar av Kennedy sitt kaliber er det Europa kunne trenge no. Men det har me ikkje. Eg vonar dei me har evnar å pusta med magen.
Kjelder:
* 1 million drepne og skada : talet er særs omdiskutert og tapstal vil alltid vere gjenstand for propaganda frå begge sider i ein krig. Dette er talet Nato har gått ut med. Ein må ha i mente at Nato òg er part i denne krigen og vil dra fordel av å overkommunisera russiske talstal og underkommunisera ukrainske. Om du skulle tenka at propaganda er noko einsidig som berre den "onde" sida vert utsette for - lat opp augene og lukt litt på kaffien! Men ta desse tala med ei klype salt.
https://nationalinterest.org/feature/reconstructing-istanbul-accords-208818
https://www.amazon.com/Nuclear-War-Scenario-Annie-Jacobsen/dp/0593476093
Foto: pexels.com