Fjordsøksmålet

29.09.2023

OPPDATERING 10.01.2024

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom får ikkje medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig. Miljøorganisasjonane må òg betala 1,4 millionar kroner for sakskostnadene til staten. Det går fram av dommen i Fjordsøksmålet som kom frå Oslo tingrett i dag.

– Me er både sinte og skuffa. Denne dommen er ei krise for rettsvernet til naturen i Noreg. Staten har tillate bruk av Førdefjorden som avfallsplass for gruveindustrien, og tingretten har støtta det. I tillegg må me betala staten sakskostnader når me har prøvd å hindra forureining av ein levande fjord. Dette er opprørande – og eit hardt slag mot kampen for norsk natur, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

– Dette er absolutt ei sak som fortener ei vidare behandling i norske domstolar. Det kan òg vera aktuelt å ta denne saka vidare til EFTA-domstolen, seier Amund Noss, advokat i CMS Kluge, som fører saka for miljøorganisasjonane.

Her kan Side-syn skyta inn ein kommentar. Med tanke på at norske kommunar må føreta milliard-investeringar for å stetta heilt absurde EU-krav til reinleik frå avløpsvatn, er det mildast sagt umusikalsk dersom EU  let den norske stat uhindra få avliva av ein norsk fjord på denne måten. Det finnes ikkje ein skånsom måte å dumpa 170 millionar tonn med gruveslagg rett i ein fjord på. Dette er rein miljøkriminalitet i statleg regi. Det er ikkje lengre typisk norsk å vere god -reint bortsett frå på nedbygning av øko-systemet. Der er Noreg vorten ganske gode.

Opprinneleg sak:

I eit forsøk på å få omgjort eit vedtak om å dumpa gruveavfall i Førdefjorden har Norges Naturvernforbund & Natur og Ungdom gått til søksmål mot Staten. Saka starta i Oslo Tingrett 18. september.

Dette er Førdefjord-saka

Staten har gjeve Nordic Mining løyve til utvinning av rutil og granat frå dagbrudd i Engebøfjellet og dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Det vil ramma livet i fjorden hardt.

Førdefjorden er ein artsrik fjord med store naturverdiar. Fire lakseførande vassdrag renn ut i fjorden, som har eit særskilt vern som nasjonal laksefjord.

Nordic Mining fekk i 2015 løyve til å deponera inntil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Kvart år kan fire millionar tonn med avgangsmassar verta dumpa i sjøen. I 2021 fekk gruveselskapet òg løyve til å sleppa stoffet SIBX ut i den artsrike fjorden. Dette er eit stoff som er svært giftig for vasslevende organismar, og det er lite kunnskap om korleis stoffet vil brytast ned i fjorden. I 2020 fekk selskapet driftsløyve.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har klaga på alle løyve, utan å nå fram. Derfor bestemde dei to organisasjonane seg for å saksøkja staten sommaren 2022.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at løyvet frå Klima- og miljødepartementet til å dumpa inntil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden er eit klart brot med forureiningslova og EUs mineralavfallsdirektiv. Ifølgje lovverket skal det lagast plan for tilstrekkeleg avfallshandtering, og minimering av avfall skal vera ein integrert del av prosessen. Då utsleppsløyvet vart gjeve i 2015 fanst det ingen slik plan, og han er enno ikkje laga. Det var først etter at Naturvernforbundet og Natur og Ungdom sende varsel om søksmål til Klima- og miljødepartementet i mai i år at Miljødirektoratet bestilte planen frå gruveselskapet. Planen vart levert 5. juli 2022.


Planane om gruvedumping i Førdefjorden og Repparfjord er òg klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA. I den førebelse vurderinga si skreiv ESA til Klima- og miljødepartementet i oktober i fjor at sjødeponi kan vera i strid med EUs mineralavfallsdirektiv. Ifølgje direktivet skal det lagast plan for avfallshandtering, der minimering av avfall skal vera ein integrert del av prosessen. Det har ikkje skjedd i dei planlagde gruveprosjekta ved Førdefjorden og Repparfjord.

I tillegg til klagene, går det òg no føre seg ein rettstvist mellom Nordic Mining og gruveselskapet Arctic Mineral Resources (AMR) om rettane til minerala i det aktuelle området. AMR har presentert planar om utvinning av granat på ein langt meir skånsam måte, utan fjelltoppkapping, dagbrudd og dumping av gruveavfall i fjorden.

Nordic Mining skal driva eit ope dagbrudd i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune. Der skal selskapet vinna ut mineralet rutil, som kan brukast til å framstilla titandioksid, eit kvitt fargestoff som mellom anna blir brukt i måling, kosmetikk, tannpasta og papir.

Vil ramma livet i fjorden

Gruveavfallet vil innehalda store mengder finmale stein, miljøgifter, mikroplast og kjemikaliar som SIBX. Massane skal deponerast på sjøbotnen utanfor Engebøfjellet. Det vil ramma livet i fjorden hardt. Førdefjorden er ein frisk og artsrik fjord med store naturverdiar. Fire lakseførande vassdrag renn ut i fjorden, som har eit særskilt vern som nasjonal laksefjord. Området der deponiet er planlagt, er eit viktig område for den trua kysttorsken. Førdefjorden har ein rik botnfauna, og det lever fleire rødlistede og freda artar i fjorden, som har gitt livsgrunnlag for folk i fleire tusen år. I dag er Førdefjorden viktig for naturbaserte næringar som sjømatnæring, laksefiske og turisme.

Naturvernforbundet meiner at regjeringa må trekkja utsleppsløyvet til gruvedumping i Førdefjorden.

Fleire fagetatar, som Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet, har stilt seg kritisk til planen om omfattande sjødeponi. Fleire fiskeslag i området, som laks, torsk, pigghå og blålange kan verta skadelidande, mellom anna som følgje av spreiing av giftige partiklar frå deponerte massar. Området rundt deponiet er eit av dei største gytefelta for kysttorsk i Sogn og Fjordane, vert det påpeika.

Legg merke til at sone for nasjonal laksefjord er avgrensa til innafor sjødeponiets sone. Ifølge stemningsdokument for søksmålet vert det anteke at denne grensa er sett med omsyn til næringsinteresser. Sidan laksen må passera gjennom deponiet for å koma seg inn i vernesona kan ein vel knappast argumentera imot dette.

Regjeringa har i vedtaket sitt understreka at krava til sjødeponi i Førdefjorden er dei strengaste som noengang er stilt. Sju bergverk/gruver i Noreg har sjødeponi.

Vedtaket om sjødeponi og gruvedrift i Engebøfjellet har skapt sterk politisk strid, både lokalt og på riksplan.

Nesten ingen tillèt gruvedumping

Noreg er eit av svært få land i verda som framleis tillèt dumping av gruveavfall i sjøen. Både Indonesia og Chile har nyleg vedteke å slutta med slik gruvedrift. Noreg står no åleine med Papua Ny-Guinea om å tillata nye prosjekt med gruvedumping i sjø.

– Skal Noreg ha truverd i det internasjonale miljøarbeidet, kan me ikkje vera det siste landet i verda som forureinar sjøen med gruveavfall. Me krev no at denne naturøydeleggjande praksisen vert forbode, også i Noreg. Det er viktig at Noreg inntek ei internasjonal leiarrolle i arbeidet for eit reint hav. Då må ein snarast stansa alle løyve til gruvedumping. Det er heilt uakseptabelt å dumpa millionar av tonn med gruveavfall i Førdefjorden. I tillegg til store mengder slam og partiklar, inneheld gruveavfallet farlege miljøgifter. Dette er eit svært risikabelt eksperiment. Det seier seg sjølv at me ikkje kan behandla fjordane våre på denne måten, seier Anne-Line Thingnes Førsund, fylkesleiar i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Søksmålet

Det er det anerkjende advokatselskapet CMS Kluge som skal føra søksmålet.

Dette ligg til grunn for søksmålet mot Staten:

  • Gruveselskapet har fått løyve til å starta opp, det er ingen fleire klagemoglegheiter.
  • Gruveselskapet har ikkje undersøkt godt nok korleis prosjektet kan designast på ein måte som gir maksimal avfallsminimering og unngå behov for sjødeponi.
  • ESA har påpeika manglar ved gjennomføringa av mineralavfallsdirektivet.
  • Mykje tyder på at sjødeponiet er unødvendig, og difor ulovleg. Sjødeponi er ikkje lovleg dersom massane kan handsamast på anna vis.
  • Eit godt rettsvern for naturen er avhengig av at forvaltningsavgjerder som har innverknad på miljøet vert prøvde av domstolane.


For å støtta saka kan du følgja denne linken:

Bli med og gjør en forskjell - Naturvernforbundet

Om du vil lesa meir om saka kan du gjere det her:

Redd Førdefjorden - Fjordsøksmålet (fjordsoksmalet.no) 

Velkommen til Natur og Ungdom! - Natur og ungdom (nu.no)

Stevningsdokument.pdf

Hvor mye natur vil vi ofre for hvitmaling på veggene? (aftenposten.no) 

Gruvekonflikten i Førdefjorden – Store norske leksikon (snl.no) 

Illustrasjonar er henta frå stevningsdokument

Bilete: www.pexels.com

Merknad: denne saka er i stor grad sete i saman av utdrag frå Naturvernforbundet sine artiklar om saka og stevningsdokumentet utarbeid av CMS Kluge. Det har vorte brukt ein god del klipp og lim funksjon.  I tillegg har Side-syn.no omsatt informasjonen til nynorsk. Side-syn ynskjer å bidra til at saka vert gjort kjent, og har difor ikkje lagt så mykje vekt på å omskriva informasjonen til eigne ord. Side-syn ber om orsaking dersom opprinnelege skribentar finn dette støytande.