Håpium – stoffet verda aldri kan få for lite av

25.01.2024


Av: A.I. Eggøy

Håpium

Det er ikkje det du ikkje veit som fører deg inn i vanskar. Det er det du er heilt sikker på, som ikkje er slik. – Mark Twain

Eg har oppdaga eit nytt stoff. Eller oppdaga… eg veit ikkje. Kan vere nokon fortalde meg om det. Eg hugsar ikkje heilt. Eg skulle helst ha kalla det eit grunnstoff. Det hadde vore så kjekt å få utvida det periodiske systemet. Men eg er rimeleg viss på at stoffet har ein form for lurium iblanda.

Du protesterer kanskje no. Du kan til dømes seie noko slikt som: "dette høyrest ut som noko fordømrade fiks-fakseri som berre finnes i hjerna di!" Og då må eg berre bekrefta at du er inne på noko. Men Håpium er mykje større enn som so. Faktisk finnes det førekomstar av Håpium i alle menneskehjernar. I mange hjernar har Håpium teke heilt styringa. Noko som inntrer når det vert for mykje av det. Ein skal ikkje ha for mykje tran. Ein skal heller ikkje ha for mykje Håpium.

Håpium er ikkje synleg og har tradisjonelt òg vore luktfri, men dette er i endring. Det kan lukta litt ugle. Håpium har eigenskapen at den er lett-flytande og har evna til å fylla igjen logiske brestar og glatta over slik at det ikkje vert synleg når ein rører seg på utsida av dei fysiske lovene. I møte med fakta og kunnskap har Håpium ein lei tendens til å forvitra. Ein freistar difor å halda Håpium adskildt frå dette.

Der andre ressursar i den faktiske verda gjerne er sørgeleg avgrensa, finnes Håpium i rikt monn. Særskildt i den vestlege verda er ein vorten drivne på å mana fram dette herlege stoffet. Det er Håpium som skal redda verda. Eller kvela den. Kan ein drukna i Håpium? Me lyt venta å sjå.

Jamvel om Håpium faktisk ikkje eksisterer i den fysiske verda er den allestads-nærverande og i fullt virke. Det vil gjere verda til ein ugjenkjenneleg stad. "Korleis kan noko som ikkje finns endra verda?" tenkjer kanskje du. Hugs at pengar òg djupast sett berre er ein abstrakt idé. Pengar har ikkje anna verdi enn den me gjev den. På bankkontoen din er det berre tal. Pengane ligg ikkje i banken om du trudde det. Bankane er kun pålagde å ha ein fraksjon av det dei låner ut, i beste fall. Banken er berre ein instans som har fått løyve til å plotta inn tal. Ein pengesetel representer kun ein verdi som eigentleg berre finns i vår kollektive bevisstheit. Som Håpium. Eit konsept. Jamvel vil nok dei fleste vere einige i at pengar styrer all menneskeleg aktivitet i heile verda. Pengar har skapt alle moderne samfunn og fråveret av pengar kan styrta dei rett i avgrunnen.

COP28 / Net Zero 2050

Like før jul i fjor vart FN sin Klimakonferanse COP28 avholde i Dubai. Konferansen vart oppsummert gjennom ein offisiell uttale frå FN om at verdas utvinning av fossil-energi må fasast ut innan 2050, og i heilhet erstatta den fossile energien med fornybar energi. For dei med stort klima- engasjement som har ein visjon om at dette kan realiserast, samt dei som kan kapitalisera på omstillinga – vart nok dette vurdert å vera ein liten siger og eit steg i rett retning. Andre er ikkje fullt så overtydd. Felles for dei fleste er ei stor bekymring. Nokre er sterkt bekymra for verknadane av klimaendringane, andre er tilsvarande sterkt bekymra for den store samfunns-omstillinga som er i gang for å avgrensa klimaendringane.

Verda er framleis heilt avhengig av olje og naturgass for å fungera. Ein kan ikkje stogga utvinning av olje og gass i dag, det ville ha medført ein global samfunns-kollaps. Er det mogleg å gjennomføra ei total omstilling av energisystema våre i løpet av dei neste 26 åra? Det er på det reine at det vil krevja enormt med alternative ressursar. Eksisterer desse ressursane? Hjelper det med evinneleg euforisk stå-på vilje og usliteleg positivitet eller krasjar dette i møte med realitetar og dei fysiske lovene? Kan ein forsera dei fysiske lovene? Trengs det Håpium? Problemstillinga verkar å vera enormt kompleks. Omstillinga framstår som ein form for utbygnings-konkurranse mellom einskilde statar, der Noreg ser ut til å vera blant dei ivrigaste. Er dette den beste tilnærminga? Burde ein kan hende gått for ein felles samordna plan med vekt på realisme og best mogleg utnytting av ressursar?

Energi – skilnaden mellom nok og for lite

Ein føresetnad for å driva eit velfungerande samfunn er tilgang på nok energi. Ein kan gjerne seia at energien er sjølve livsblodet som pumpar liv i samfunnsøkonomien, som gjev aktivitet og velstand til samfunna. Overfloda av energi har danna grunnlaget for velferda i den vestlege verda. Den industrielle revolusjonen har ført oss dit me er i dag, på godt og vondt. Korleis fungerer så dei delane av verda som har mindre tilgang på energi? Ta ein kikk på landa i Afrika, Sør-Amerika og delar av Asia. I desse landa lir befolkninga gjerne av fattigdom, styresetta er normalt autoritære/totalitære og det er mykje vald og kriminalitet. Vert du sjuk eller på andre måtar mistar arbeidsevna i desse landa har du eit stort problem, å leggja seg ned for å henta seg inn er neppe noko alternativ. Det er heller ikkje sjølvsagt at det er tilgang på arbeid. Eller at du får lov av styresmaktene å ha eigen bankkonto. Verdiane i form av naturressursar eller andre føremoner vert gjerne utnytta av store internasjonale selskap som dreg verdiane ut av landet. Den herskande eliten tek sitt og den øvrige befolkninga sit igjen med smular. I den misnøgde befolkninga dannar det seg gjerne lokale militsar, som herjar i lokalsamfunna. Opptøyer oppstår med jamne mellomrom. No og då vert det gjort forsøk på å styrta regimet, men sjeldan får nokon det betre av den grunn.

Med eit ustabilt kraftsystem vil kraftkrevjande industri få vanskar med å halda på konkurransekrafta, og vil enda med å flagga verksemda ut til lavkostland eller gå konkurs. Mindre og mellomstore føretak vil slita med å klara seg, og usubsidiert gründerskap vil ha vanskar med å veksa fram. Dei uforutsigbare men jamt over høge prisane på straum et opp marginane til bønder, gartneri, transportnæring, anleggsverksemd og nær sagt alt anna av privat usubsidiert næringsliv. For ikkje å snakka om alle dei lavtlønna, uføre og minstepensjonistane som ikkje torer å ha varmeomn på i huset, og nær sagt frys i hel i frykt for å bruka straum. Dette pågår allereie både i Noreg og resten av Europa. Thomas Seltzer fortalde i dokumentaren UXA om dei gamle nedlagde gruvesamfunna i USA, der nær sagt alle er arbeidsledige og der den lovlege farmasøytindustrien har gått målretta inn for å rekruttera dei inn i evig pille-misbruk. At retoriske Donald Trump vann terreng i desse samfunna er kan hende ikkje så rart. Kan industri-daud og arbeidsløyse mana fram noko tilsvarande i Europa?

Eit ustabilt energisystem medfører òg fara for såkalla "blackout", som vil seie at systemet bryt ned grunna ubalanse. Ubalanse oppstår når det vert for mykje eller for lite kraft i systemet.Ein stor andel av uregulerbar kraft som sol- og vindkraft, gjev det ekstra utfordrande å balansera systemet og vil soleis auka fara for "blackout". Dette kan gjera stor skade på dei ulike bestanddelane i systemet, og det kan vera utfordrande å få systemet opp å gå igjen. Enkelt forklart vert det straumbrot – kor stort omfang og kor lenge straumen vert ute kjem heilt an på. Kor lang tid tek det før du får vanskar dersom landsdelen du bur i er utan straum i dei kaldaste vintermånadane? Klarar du 3 dagar? Ei veke? I Noreg er det politisk diktert at straum skal vere den primære kjelda for oppvarming. Ein hugsar forbudet mot oljefyring. Det var ikkje nok å stogga bruken, ein måtte fysisk grava opp oljetanken. EU har ymta frampå om forbod mot vedfyring. Du får ha eit ullteppe på lur.

I februar 2021 i forbindelse med ein kraftig vinterstorm, vart Texas ramma av ein massiv "blackout". 4,5 millionar husstandar var utan straum og 57 menneske mista livet i straumutfallet som varte frå 15. til 19. februar. Ein rapport frå University of Texas fortel om eit ustabilt system som er er utfordrande å balansera. Dette kan òg henda i Europa. Det har allereie vore nære på fleire gongar. Jo meir uregulerbar kraft ein tek inn i systemet, dess større vert utfordingane. Kampen mot klimaendringane krevjer òg menneskeliv.

Legg merke til den øverste plansja som syner at frekvensen vert for låg morgonen 15. februar, noko som induserte straumutfallet. Ellers ser du på nederste plansja dei to øvste grafane som ikkje følgjer kvarandre mellom 15.02 og 19.02.

Eg har høyrt mange som skildrar eit ynskje om å gje komande generasjonar ei betre framtid  som motivasjon til å vere oppteken av klima. Men å vere oppteken av klima åleine vil føra oss til ein stad me ikkje vil vera. Alle snakkar om berekraft. Ordet vert nytta i nærmast alle samanhenger, det er så mykje brukt at det har mista einkvar tydning. Ordet vert sjeldan brukt der det høyrer heime, som ein beskrivelse av det skjøre samspelet mellom klima, økologi og samfunnsøkonomi som må vera i balanse for at vårt framtidige samfunn skal kunne fungera utan at strukturane raknar i saumane. Om du ynskjer at dine born og borneborn skal møta klimaendringane på verst tenkelege måte, i eit samfunn der alt har feila – ja då kan du berre gje di fullverdige støtte til styresmaktene og kapitalkreftene som påverkar dei. Det er nemleg dit me no er på veg -om ikkje me snur i tide. ( Merk: Dette er mi fortolkning av stoda og lyt stå som ein påstand frå mi side – les gjerne gjennom kjeldematerialet og sjå om du kjem til ein annan konklusjon).

Det finnes det ikkje eit velfungerande land med knappheit av energi. Det er her Håpium kjem inn. Eit stoff som gjev håp om ei betre framtida. Utan å sjå til tal og fakta. Det er som ei slags euforisk skodde, som jamnar ut alle utfordringar. Heilt til bakrusen kjem sigande ut av skodda og daskar deg rett på nasa.

Er det realisme i målsetjingane?

Ein som har gått grundig inn i denne problemstillinga er Simon P. Michaux. Han er professor i geometallurgi ved Geological Survey of Finland og har erfaring innan gruvedrift. Han har berekna kva som skal til for å gjennomføra ei fullstendig energi-transisjon. Arbeidet han har gjort er beskreve i ein rapport på 1000 sider kalla "Assessment of the Extra Capacity Required of Alternative Energy Electrical Power Systems to Completely Replace Fossil Fuels". I rapporten slår Michaux fast at kompleksiteten i utfasinga er grovt undervurdert.

Plansja over syner heile energisystemet og den foreståande transisjonen. Frå denne kan me blant anna sjå at kunstig gjødsel, som nyttar naturgass i produksjonen av hydrogen som saman med nitrogen utgjer bestanddelane i gjødselet, ikkje enkelt kan produserast annleis. Om lag halvparten av jordas befolkning er avhengige av mat produsert ved hjelp av kunstgjødsel. Den unge klimaaktivisten Joachim Skahjem som ville anmelda Equinor for massemord, var nok ikkje klar over dette. Ein umiddelbar global stogg i verdas gassproduksjon vil ta livet av ein vesentleg andel av verdas befolkning. Dette ser det ut til at mange klima-aktivistar ikkje kjenner til. Ein produserer ikkje olje og gass avdi det er så smart, ein har rett ut sagt ikkje noko anna val.

Olje og petroleumsprodukt har òg forutan å vere brennstoff ei lang rekkje bruksområde som ein ikkje har løyst korleis ein skal erstatta til dømes asfalt, bildekk og mykje anna. Energiomstillinga er endåtil avhengig av mange av desse produkta, som til dømes epoxy (nytta i vindturbin-vengjer) gir- og smøreolje ( nytta i girsystem i vindturbinar) og isolasjon for straumkablar ( nytta i nær sagt alt som har med elektrifisering å gjere). Det er litt rart at vind-turbinar er vorte symbolet på null-utsleppsteknologien – då den er nærmast ein perfekt manifestasjon av den tunge utslipps-industrien. Mengdene olje, betong og stål som må til for å produsera desse turbinane er formidable og vindturbinar etter oljealderen kjem neppe til å verta noko av. Den korte levetida på 20-25 år kjem då til å verta eit stort hinder om ein opprettheld noverande satsning.

Når det gjeld batterikapasitet har Michaux rekna på 2 scenarioer, eit med 14 dagar backup og eit med 48 timar backup + 10%. Eg har sett dette latterleggjort av Micheal Barnard i cleantechnica.com som hevdar at 5 timar backup skal vera tilstrekkeleg. Hugs då at "blackouten" i Texas vara i 5 døger. Når batterilageret er utlada må det så ladast opp igjen – dersom det er tilgjengeleg straum til det. Batterikapasiteten for backup kjem òg i direkte konkurranse til elektrifisering av transport.

Vidare ser rapporten på materialbehovet og kjem fram til at dette er uforholdsmessig stort i høve verdas reservar og utvinningstempo. For mange av dei naudsynte minerala er behovet langt større enn verdas kjende førekomster, og det kjem til å ta frykteleg lang tid å utvinna det. Det vert òg påpeikt at utvinningsgrada i kjende reservar er fallande av di ein allereie har utnytta dei beste gruvene. Blant anna vert det oppgjeve at for 1 kg kopar vert det produsert ca 1 tonn slaggstoff.

Rapporten ser òg på behovet for bio-brennstoff og konkluderer med at dette er i direkte konkurranse mot verdas matproduksjon når det gjeld jord-areal og forbruk av vatn. Rapporten konkluderer med at bio-brennstoff ikkje er mogleg å oppskalera i det omfanget som trengs for å fasa ut fossilt brennstoff som ikkje kan erstattast med elektrisk utfasing, blant anna drivstoff for fly. Problemet med batteri og hydrogen i høve luftfart er at batteria er for tunge for lengre flygningar og at hydrogen er særs flyktig og høg-eksplosivt.

Utdrag frå rapporten( omset frå engelsk av Side-syn.no):

"Under re-search til denne rapporten vart det funne at alle tidlegare studiar undersøkte berre ein del av krava til eit nytt globalt energisystem. Anten var studien avgrensa til ein nasjon (som USA), eller ein hadde undersøkt berre éin køyretøyklasse (til dømes personbilar). Vanlegvis var berre eitt fornybart kraftsystem vurdert, og ikkje i eit breitt nok omfang til å vera nyttig. Ein og annan studie som undersøkte det globale systemet, presenterte gjerne data med avgrensa sporbarheit til ei kjelde.

Denne studien undersøkte derimot kor mange elbilar, Hydrogen-celler,biodrivstoff,solcellepanel og vindturbinar som ville vera naudsynt for å fullstendig fasa ut fossile brensel, frå ei botn-opp tilnærming, ved hjelp av nye tidlegare uprøvde utrekningar.

I alle tidlegare undersøkte studiar vart det funnet at dei konsekvent og signifikant hadde undervurdert kva som skullel til for å fasa ut fossile brensel. Eksisterande politisk planlegging av nasjonalstatar og alliansar, som t.d. EU, er baserte på prediktive studiar utførte av World Economic Forum og Det internasjonale energibyrået (WEF 2019 og IEA 2019b), der to store milepælar - 2030 og 2050 - er lagt inn.

Mange nasjonar, inkludert EU, har forplikta seg til avkarboniseringspolitikk med uttalte milepælar som skal nåast på desse årstala. Til dømes skildrar dei ei forplikting på at 30% av den globale transportflåta skal vera dreven av ikke-fossilt drivstoff innan 2030, men estimerer eit mykje lågare tal (245 millionar køyretøy) enn det som er berekna i denne studien (425 millionar kjøretøy)."

Tilsvarande markante avvik i beregningsgrunnlaget finn ein estimert for kraftbehov, batterikapasitet og materialbehov (forenkla omskriving gjort av Side-syn.no for å avgrensa det store omfanget av tal/fakta).

"I 2018 var det globale systemet fortsatt 84.7% avhengig av fossile brensler, kor fornybar energi (inkludert sol, vind, geotermisk energi og biodrivstoff) utgjorde 4,05 % av den globale energiproduksjonen. 84,7% av den primære energiforsyningen vil bli pålagt erstatta med ikkje-fossile brensle-system.

Rapporten utrykkjer bekymring over at mesteparten av infrastruktur og teknologi for utfasing avfossilt brensel ennå ikkje er tilverka. Resirkulering kan ikkje gjerast basert på bestanddelar som enno ikkje er eksisterer. Det noverande fokuset for sirkulær økonomi-konseptet ser ut til å vera resirkulering, med oppfatning om at utvinning av mineralressursar  ikkje er like viktig.

Systemet for å fasa ut fossile brensel er enno ikkje konstruert, og dette vil krevja eit historisk eineståande volum av mineral / metall / materiale av alle slag."


Dersom rapporten stemmer

Ein kan gjerne rista på hovudet av dette og avfeia det som ein populisme-indusert løgnas-rapport. Tek du sjansen på det? Dersom det er slik fatt at Michaux ikkje tek feil i sine berekningar, er me på veg langt inn i skodde-heimen. Det er sjølvsagt grove berekningar dette her, og sjansa er stor for å bomma noko her og der. Men dersom dette er nokolunde slik det ligg an, vil det implisitt seie at WEF og IEA grovt har underestimert oppgåva. I så tilfelle er berekningsgrunnlaget som dannar underlaget for energi- og klimapolitikken i hele den vestlege verda heilt feil. Dette vil i så tilfelle kunne ha enorme konsekvensar for framtida vår om me ikkje stoggar i tide. Det vil få følgjer for heile verdsdelen vår i hundrevis av år, dersom me blindar igjen og unnlet å agera. Eg har funne motstemmer som hevdar at Michaux tek feil, blant anna denne frå Micheal Barnard i cleantechnica.com – som eg mest av alt oppfattar som ein form for ideologisk "rænt" som flyg på teknologioptimisme og ikkje nyttar faktiske tal i argumentasjonen. Han kan alltids verka overbevisande, men ein klarar ikkje heilt å senka skuldrene når det ikkje kjem tal på bordet. Er det ideologi han serverer?

Akademisk diskusjon vs Ideologi samt Delegitimering

Det er mange måtar å diskutera idéar på. Den gode gamle akademiske tilnærminga er å leggje fram sin idé slik at motpartane kan herja med den, koma med motførestillingar og belysa den frå alle synsvinklar. I eit slikt debattklima vert idéen din som ein boksar som du set inn i ringen for å kjempa i ein boksekamp mot andre motstridande idéar. Dette vil utfordra idéane og til ein viss grad skilja gode og mindre gode idéar. Ein nyttar tal og fakta for å underbyggja argumentasjonen, og aksepterer at det òg kan vera motstridande tal og fakta som snur på flisa. Denne tilnærminga vert praktisert når målet er å sitja igjen med dei beste idéane. Ein tek det difor ikkje personleg når mot-argumenta vert lagde fram, tvert om ynskjer ein desse velkomen. Dette er den ideelle diskusjonsforma.

Motsatsen til den akademiske tilnærminga er den ideologiske. Her vert idéane behandla som heilage, som eit spedborn ein må verna mot omverda. Ein diskuterer då gjerne kun med sine eigne meiningsfeller, der ein kan få bekrefta det ein allereie meiner. Om nokon skulle koma med eit motargument, vil dette bli møtt med stor skepsis. Ofte vil ikkje sjølve argumentet verte lytta til i det heile. Ein går gjerne rett til personleg åtak på personen ein er uenig med, utan å gå særleg inn på sjølve argumentasjonen. Tal og fakta vert brukt på ein heilt anna måte i denne forma for diskusjon. Dei tal og fakta som underbyggjer eigne påstandar vert sett på som ugjendrivelege bevis, medan motstridande tal og fakta vert sett på som falsk informasjon. Dersom du vert personleg fornærma når nokon er ueinig med deg, eller du ikkje respekterer dei som oppfattar ting annleis enn deg- då tenderer du nok mot den ideologiske tilnærminga til diskusjon.

Eg vil påstå at klimadebatten diverre i stor grad går føre seg i den ideologiske diskusjonsforma, med lemfeldig bruk av fakta, ein tendering mot å kun høyra eigne argument og ein hyppig førekomst av personlege angrep mot meiningsmotstandarar. Dette går begge vegar. For å omgå behovet for argumentasjon er det vanleg å delegitimera motstandaren. Dette vert gjort ved tillegga denne ein merkelapp eller kategorisering som delegitimerer alt vedkommande har å seie. Ofte angjev merkelappen ein politisk ståstad som ikkje nødvendigvis samsvarar med vedommande sitt politiske syn.

Dei som då har motførestillingar med noko som er relatert til energiomstilling eller klimaendringar å gjera kan då enda opp med merkelappen "klimafornektar" og tillagt ein politisk ståstad ytterst på høgresida. Ein er då fullstendig delegitimert frå motparten sin synsvinkel og ingen form for argumentasjon vil trenge gjennom dette skjoldet. Dette har eg sjølv opplevd. Det same vert gjort i motsatt retning der dei som er for arbeidet som vert gjort for å begrensa klimaendringar vert betegna som "klimahysterikar" og tillagt ein politisk ståstad ytterst til venstre. Ein kan her gjerne skyta inn at om ein befinn seg ytterst til venstre alle som ikkje delar dine oppfatningar vera til høgre for deg. Det same gjeld sjølvsagt i motsett hald, om du er på høgre ytterpunkt.Men nokre befinn seg der. Andre vert berre plasserte der, av taktiske årsaker.

Uansett, eg befinn meg altså ytterst til høgre i det politiske landskapet ifølgje dei som ønskjer å gjere dette til ein ideologisk brytekamp. Soleis er eg altså gruppert saman med Quisling, Adolf Hitler og ABB i ein politisk ståstad eg ikkje kjenner meg igjen i. Rapporten til Simon Michaux fell òg urimeleg nok inn i denne kategorien. Ein kan difor ikkje venta at den vert høyrt. Det er den idologiske "venstresida" som har bordet, som har det regjerande narrativet og driv fram ideologien. Å høyra på motstemmer frå "ytre høgre" - som utgjer alle ein ikkje er einige med, er heilt uaktuelt -uansett kva dei måtte meina, ikkje berre om klima men om kva det skal vere.

Eg skjønar eigentleg ikkje heilt kva klima har med politiske ytterpunkter å gjera. Klimautfordringane og energiomstillinga er eit praktisk problem. Det fordrar ei praktisk løysning basert på forsking og vitenskap. Ideologi er ein form for akkumulert kollektiv dumskap som berre skadar alt den kjem i kontakt med. Det vert heilt umogleg å staka ut ein fornuftig kurs når ein utelukkar vital informasjon som kjem frå "feil" hald. Det gagnar kun dei som sit i posisjon til å utnytta det. Desse har som regel så dei klarar seg i utgangspunktet, og kjem neppe til å verta skadelidande med det fyrste. Narrativet seier at dette vert gjort for vårt felles beste. Om me skal ha sjanse til å oppna eit felles beste må me kvitta oss med ideologien og byrja å lytta til ekspertisen.

Å lytta til ekspertisen

Er du klima-forskar i FN sitt Klimapanel vert du lytta til. Det vert ofte sagt at innan klimaforskning er det nær sagt fullverdig konsensus og at desse ekspertane må lyttast til. Dei kan fortelje at klimaet er i endring i ein slik grad at ein ikkje kan bortforklara at endringane er skapt av den industrielle revolusjonen. Desse ekspertane har greie på klima og har innhenta mengder med data for å understøtta forskinga si, og me gjer nok rett i å lytta til dei. Men klima er berre ei grein av ei samling globale utfordringar. Kva med ekspertar innan økologi, agronomi, metallurgi, samfunnsøkonomi og alle dei andre fagfelta som er implisert i verdas kollektive utfordringar. Vert desse òg lytta til? Det ser ikkje alltid slik ut. Om ein vil understøtta eit ideologisk narrativ eller har andre vikarierande motiv for å utnytta utfordringane til eigen fordel, ser ein seg gjerne tjent med å kun lytta til dei ekspertane som understøttar det ein forsøker å oppnå. Så kan ein glatta over med ein god dose Håpium, på dei stadane der narrativet ikkje held seg oppe på eigenhand.

Kva om ein kunne ha teke denne rapporten, ein særdeles grundig rapport på 1000 sider som Simon Michaux nok har via fleire år av livet sitt til å setje saman? Eit vell av innhenta tal og informasjon, eit samansurium av omstendelege kalkulasjonar. Kva om ein kunne gått inn i talmaterialet og sett på det? Vurdert om det kunne ha noko for seg? Kva om han har rett, og det som hindrar dette innspelet frå å verta løfta opp i lyset er eit ideologisk tankesett som kun er fokusert på å verna om villfarne heilage idéar? Det vil få følgjer for heile verda i hundrevis av år! Vitskapen skal i si ideelle form alltid vere open for å verte tilbakevist, noko som gjer at ein aldri konkluderer med to strekar under svaret. Slik er det seg ikkje med ideologi. Her er det to strekar under svaret i all overskodeleg framtid. At framtida til ein heil verdsdel ligg i potten får ein berre leva med.

Utsikta til astronomiske investeringar

Den pågåande omstillinga av energisystemet dreg med seg potensialet for enorme investeringar. Her kan de sjå ei plansje som viser globale investeringar dei siste åra. Ikkje småtteri. Her snakkar me tett på 2000 billionar $ årleg. Eller 2 000 000 000 000 000$. 2 millionar milliardar$.


Analysebyrået McKinsey anslår at investeringar for å nå nullutslepp innan 2050 vil kosta 275 trillionar $ i investeringar. 275 000 000 000 000 000 000 $. Smak litt på det talet om du får plass til det i munnen. Det kunne like gjerne ha stått ∞ (uendeleg). Ein trillion er ein million billionar. Ein billion er tusen milliardar. Talet er for stort til at det gjev noko form for meining. Legg til ein null om du vil ha talet i kroner. Sånn omtrent.

Når kaptein Sabeltann luktar gull styrer han skuta etter lukta. Det kan nok tenkjast at tilsvarande mekanismar er i spel hjå dei store marknadsaktørane og investorane som siktar seg inn på desse investeringar. 275 000 000 000 000 000 000 $. Desse pengane skal skifta hender. Lukta av gull har aldri vore sterkare!

Det kan vel knappast forventast at desse aktørane skal ha verdas ve og vel i tankane. Det lyt me overlata til beslutningstakarane. Politikarane våre. Men store marknadsaktørar og investorar har noko me andre manglar. Dei har store pengar. Dei har råd til å påverka og lobbyera. Dei kan kviskra i øyrene til dei som tek beslutningar. Dei deltek på middagar. Dei klør kvarandre på ryggane. Dei lokkar med framtidige styreverv og posisjonar. Dei kan finansiera rapportar som støttar alle beslutningar. Politikarar er òg menneske, dei let seg påverka. Politikarar med ryggrad og rettferds-sans er sjeldan vare. Då vert kan hende lesarinnlegget du sender inn til lokalavisa, der du tek til orde for at fjellet du bur oppunder ikkje bør sprengast til grus, nokså blodfattig. Kort sagt – evna til å påverka ligg ikkje hjå oss. Me er jo òg som nemdt ei gruppe med nazi-inspirerte klimafornektarar. Det hjelper ikkje nemneverdig.

Det er så mange som vil ha ein bit av denne kaka. "Det hastar!" ropar leiaren av Fornybar Norge, Åslaug Haga. NHO-leiar Ole Erik Almlid følgjer opp med ei oppmoding om å få indusert ei form for kontrollert panikk. Interessene er mange. Eit samansurium av kapitalinteresser og idealisme. Det er ikkje enkelt å få klarheit i kva som motiverer den enkelte. Men ja, det hastar for så vidt. Omstillinga burde eigentleg starta på 80-talet. Eller på 60-talet, då Nixon gjennom Project Independence la umoglege hindringar i vegen for framveksta av lettvatn-reaktoren for å verna oljeindustrien. Etterverknadane av dette påverkar framleis framveksta av kjernekraft. Uansett; eg får litt same kjensla som når telefon-seljaren seier det hastar. Det luktar litt ugle av heile greia.

Om ein legg tidlegare nemnde rapport til grunn, hastar det framleis. Men det hastar ikkje å gjere det på den paniske måten Almlid ser føre seg. Det hastar derimot å kartleggja fakta og handtera dei ressursane ein har å områ seg med, på best mogleg måte. Ei panisk tilnærming der ein nær sagt berre kastar pengar på problemet, slik heile den vestlege verda no held på med, den hastar det verkeleg ikkje med å eskalera. Det vert som å skyta inn i skogen med bind for augene. Du treff sikkert noko, men det vert neppe hjortesteik til middag. Men kongle-steik kan vera godt det og… Det er nok lurt å gje Håpiums-rusen tid til å leggja seg litt, og så ta seg tid til å områ seg best mogleg.

Den alternative nytteverdien

Kvar einaste investerte krone/dollar har ein alternativ nytteverdi. I ei verd med avgrensa ressursar der pengar utgjer ein av avgrensningane er det viktig at ein gjer dei rette investeringane. Når alle ressursar er avgrensa vert det heilt avgjerande at dei rette investeringane vert valde. Og slik er det, jorda har eit avgrensa forråd av ressursar. Alle formar for råmateriale inkludert olje, naturgass og alle viktige mineralar, samt ferskvatn og dyrkbart landområde er knappheitsressursar. Sjølv pengar som eigentleg er ein abstrakt idé er eit knapt gode. Ein kan ikkje skapa pengar ut av ingenting utan å redusera den ibuande verdien – same kor hardt dei amerikanske styresmaktene freistar å lata som det ikkje er tilfelle. I møte med knappheit må ein gjera prioriteringar. Og dersom ein har knappheit i den grad som tidligare nemnde rapport skisserer må desse prioriteringane vera knallharde.

Då gjev det kan hende ingen meining å investera i elektrifisering av LNG-produksjonen på Melkøya eller olje- og gassverksemda på norsk sokkel.

Eller denne kunstige energi-øya danskane planleggjer i sørlege Nordsjøen, ei estimert investering på 34 billionar $ som skal knyta havvindparkane saman mellom landegrensene. Noko som òg fordrar store investeringar i havvind. Er dette den beste nytteverdien ein kan få for dei impliserte ressursane? Eller burde alle ressurane vore sette inn ein anna stad? Det burde kanskje òg vore diskutert om CO²-avgifta, som aukar år for år – eigentleg pressar fram investeringar som ikkje er så smarte alt teke i betraktning. Siden det er den aukande CO²-avgifta som er rot-årsaka til planane for elektrifisering av norsk olje og gassverksemd, vil eg seie at dette er eit heilt legitimt spørsmål. Dyrkar CO²-avgifta fram eit subsidie-kappløp som lokkar fram investeringar som eigentleg ikkje er av dei beste? Ei høg rente vil favorisera gode investeringar framfor dårlege, er det då smart å gje store rentefordelar til grøne investeringar? Er politikarar i samråd med dei store marknadsaktørane dei beste til å ta desse avgjerslene åleine? Det verkar å vere nokså komplekst dette. Det verkar intuitivt at ein burde nytta den fremste ekspertisen ein kan framskaffa, på ei lang rekkje fagfelt, til å diskutera seg fram til korleis ein skal gå fram. Ein kunne nok òg trengt ein type politisk leiarskap ein ikkje har sett noko særleg til i Europa dei siste ti-åra. Truleg må me sjå langt etter dette. Slik me nok òg kan sjå langt etter det utbygnings-scenarioet som dei noverande leiarane har skissert. Me kan heller ikkje la vere å gjere noko, det vil heller ikkje enda godt. Olje og gass er òg avgrensa ressursar som tek slutt ein dag, samstundes som det har stort klimaavtrykk. Men olje og gass står framleis for om lag 84% av verdas energi-forsyning, og det ser ikkje ut som dei som set kursen eigentleg har den fjernaste aning om korleis ein skal erstatta dette. Igjen: min påstand – det fins alltid Håpium!

Naturkrisa

Krise er eit sterkt ord som ikkje bør brukast i tide og utide, men det vert nytta i daglegtalen vår heile tida når klima-endringane vert omtala. Øko-systemet heng saman med klimaet vårt men det vert handtert som om det er to heilt separate problemstillingar. Dei to berekraft-elementa( samt det tredje – økonomiske) som må vera i balanse for å fungera vert ofte opponentar i møte med kvarandre, og då vert det som regel slik at hensynet til naturvern må vika. Klimaet spelar på lag med marknadskreftene, det gjer ikkje naturen. Den finansielle gulrota som lokkar så mange marknadsaktørar til klimasaka, er ikkje så stor og freistande innan naturvern. Eit godt eksempel på dette er Førdefjordsaka som eg har omtala i eit tidlegare innlegg. Naturvernarar er ofte trause, velmeinande typar som ikkje trør så hardt fram. Dei er ingen match for dei hardbarka lobbyistane som dreg det heile i motsatt retning. I Førdefjordsaka samla Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inn 2 millionar kroner frå privatpersonar for å prøva ei statleg tilsegn på å dumpa 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden inn for Oslo Tingrett. Tingretten gav Staten medhald og motparten vart dømd til å dekka dei statlege saksomkostningane på 1,4 millionar kroner. No må Naturvernforbundet og Natur og ungdom gå ein ny innsamlingsrunde for å dekka saksomkostningane til ein stat som har så mykje pengar at det knappast er til å fatta.

Inntil nyleg var fokuset på naturen ganske langt bak i bevisstheita hjå folk flest. Naturvernforbundet og Natur & Ungdom har sjølvsagt snakka om dette, likeins den kjende biologen/professoren Dag O. Hessen ( som har kalla det ei krise- eit ord han ikkje nyttar så ofte). Og den eminente naturhistorikaren David Attenborough har skildra dette i Netflix-dokumentaren "A life on our Planet". Den tydelegaste røysta har kan hende Eivind Salen, leiaren i Motvind - interesseorganisasjonen mot utbygging av landvind. Ein særs engasjert kar som ikkje legg skjul på kva han meiner. Han postar innlegg med om lag same storleiken som dette på Facebook fleire gonger i veka (tips!) Men den jamne nordmann har nok ikkje vore så veldig bevisst på dette. Det har no endra seg gjennom NRK- serien "Oppsynsmannen" der komikaren Bård Tufte Johansen reiser rundt i Noreg for å sjå på nedbygginga av den norske naturen. Det var nok ikkje mange som såg den koma – men det var dette som skulle til for å vekkja det norske folket. Det norske engasjementet for vern av natur har dei siste vekene teke seg kraftig opp – så gjenstår det å sjå om det held seg oppe.

I mellomtida skal ein i Noreg dumpa gruveavfall i sjøen og starta gruvedrift på havbotn med statleg velsigning. Heia Noreg!

Over ser du ein vaksen maskin i ferd med å redda verda.

Problemet er altså at artsmangfaldet i naturen døyr i takt med klima-endringane samstundes med at naturen vert nedbygd blant anna som følgje av utbyggingar for å avgrensa effektane av klima-endringane. Eit litt merkeleg Catch 22 scenario. Me har allereie mista 82 prosent av verdas ville pattedyr målt i vekt. Og betydelege delar av korallreva våre, insekt, amfibium og havpattedyr kloden rundt står i fare.  Eit system som treng å balanserast ut i ei felles løysning vert til to motstridande partar i eit spel som alltid gjev medhald til den sida som gjev den største økonomiske avkastninga. Det er framleis pengane som skrik høgast. I Noreg er utbygging av landvind i norske fjellheimar eit grelt eksempel på at omsynet til naturen vert ofra for omsynet til klimaet ( og økonomisk vinning).

Dei store investeringane er ikkje utsleppsfrie

Sjølv om ein investerer for å få ei utsleppsfri verd, er ikkje investeringane utsleppsfrie. Eg har henta ut ein tabell frå SSB. Tabell-oppsettet finn du her. Eg har lagt inn dei næringsverksemdene som er mest relevante for å indusera desse investeringane. Dette er noverande tal så ein må ta høgde for ein lett fallande graf på dette i framtida. Eg gjer det så enkelt at eg tek eit snitt av desse tala og får då eit litt unøyaktig, men illustrerande nøkkeltal på 25 tonn CO²-ekvivalentar pr investert million kroner.

Så gjer eg det trikset at eg gongar det med den totale investeringa som McKinsey har estimert fram mot 2050. Det astronomiske talet 275 000 000 000 000 000 000 $. Kva vert det omrekna i utslepp montru? Jau det vert grovt rekna 2 750 000 000 000 000 millionar kr ca. Så gongar eg det med nøkkeltalet og kjem då til 68 750 000 000 000 000 tonn CO²- ekvivalentar. 68 750 billionar tonn. Eller 68 750 x tusen milliardar. Det høyres ut som eit tal frå bornemunn. Og kvifor gjer me dette igjen sa du? Nullutslepp? Jaja.. Kjem klimaet nokonsinne til å henta seg inn?

Skal me sjå på omtrent kor mykje den kunstige danske energi-øya kjem til å generera i utslepp? Den var estimert til 34 billionar $, eller 34 tusen milliardar $ om du vil. Eg kjem då ut med grovt rekna 340 000 000 millionar norske kroner. Gonga med 25 vert dette 8 500 000 000 tonn CO²-ekvivalentar. 8,5 milliardar tonn! Imponerande!

Dette er grovt rekna sjølvsagt, men eg ser ikkje noko anna råd enn at ein styrande instansar må triksa med desse tala for å få det til å verta logisk. 68 750 000 000 000 000 tonn CO²- ekvivalentar er ganske mykje utslepp i jakta på å redusera utsleppa, trass alt.

Korleis ligg det an så langt?

Skal me sjå litt på korleis det har gått med fornybar-satsninga så langt? Ein ser at hav-vind går litt trått. Mange selskap har hoppa av i anbudsrundane. Dei stigande turbin-prisane har nok dempa noko av iveren. Det verkar nok heller ikkje betryggande på investorar når ein ser at dei 5 turbinane som utgjer 30MW store Hywind Scotland vert slepte inn til land for omfattande vedlikehald etter knappe 7 års produksjon. Ein kan få høge skuldre av slikt.

Hywind Tampen turbinane som delvis forsyner Gullfaks-feltet har òg veldig avgrensa verdi som energi-kjelde. Gass-turbinane må framleis produsera straum, dei kan ikkje berre slåst av og på ved behov. Desse turbinane har ikkje godt av å stå stille.

Elles har me jo krefter i landet vårt som er særdeles aggressivt innstilt på å få bygd så mykje landvind som overhovudet mogleg. Det skal verta billeg straum av det, lovar dei. Det er ikkje lenger så mange som trur dei. Og naturkrisa vedvarer. Så ein kan alltids håpa at dei må gje seg på tap etter kvart.

Eg vil bruka Tyskland som eit eksempel. Det landet i Europa som har endra mest på kraftsystemet sitt i favør fornybart. Korleis går det? Særdeles dårleg eigentleg. Med nedlegging av kjernekrafta og implikasjonane som krigen i Ukraina har medført at Tyskland har blitt storforbrukar av kòlkraft og LNG. Omstillinga har så langt kosta Tyskland 500 milliardar Euro med eit foreløpig sluttestimat på 6000 milliardar Euro. Investeringane har så langt resultert i at dei har fått bortimot skitnaste energimiksen i heile Europa. Fornybar-satninga i Tyskland har auka bruken deira av fossil-energi. Noko å tenka på når du ladar el-bilen med importert kraft frå Tyskland. Dette er Håpium i fri utfaldelse.

Skal me runda av?

Det er kan hende på tide å runda av. Ein kan verte litt nedstemt av desse funderingane. Eg undrast; er det håp? Eller – eg veit det skal vere "von" på ny-norsk. Men eg syns "Vonium" mangla litt av klangen og betydninga som "Håpium" hadde. Eg får nok uansett aldri noko målpris for det eg held på med – og dei som ikkje klarar å lesa det, kan sikkert lesa noko anna. Verda er meir enn berre Side-syn! Men ja, håp… Ja eg trur kanskje det er det. Det kan sjå ut som om noko er iferd med å snu. Fasaden byrjar å krakelera. Fornybar prosjekta luggar litt, synet på kjernekraft ser ut til å endra seg, fleire av stemmene ser ut til å verta høyrde enn tidlegare. Men fyrst må endringsprosessane finna vegen inn i politikken og så må det bearbeidast ei stund der. Sjølv om politikarane har lukta ugla tek det tid å formidla det ut på ein måte som ser ut som det er dette dei planla heile vegen. Og ikkje ein heilomvending som det eigentleg er. Politikarar vil alltid ha eit ynskje om å verta hugsa som noko betre enn dei eigentleg er. Men eg ser i alle høve at noko av Håpiumet er iferd med i siva ut – og utav det veks det fram håp. Men det vert ein lang og krokete veg å gå. Det vert nok verre før det kan verta betre.