Kan me bygga oss ut av klimakrisa?
Kan me verkeleg bygga oss ut av ei klimakrise? Er me så fantastiske at me får til dette? Går dette bra berre me vil det nok, og held trua oppe? Heile den vestlege verda ser ut til å vere samde om at klimaendringane skal møtast med utstrekt byggeverksemd. Ein skal skapa eit nullutslepps-samfunn, og det hastar. Det er viktig at me alle dreg ilag og i same retning. I dette må ein berre stola på at styresmaktene veit kva som skal gjerast, og held stø kurs mot eit grønt, utsleppsfritt himmelrike langt der framme.
Eg har lenge tenkt at dette er eit reknestykke som ikkje heilt går opp. Byggeverksemd genererer store klimagass-utslepp. Det kan ingen nekta for. I kommunen der eg vaks opp er det bygd ein vindpark som er relativt stor i norsk målestokk. Midtfjellet Vindpark med sine 55 vindmøller som er etablert i fjellet i Fitjar kommune. Om ein vil studera utslepp generert av grøne norske byggeprosjekt, er denne vindparken ein god plass å byrja. Det går også mot at landbaserte vindkraftverk på ny skal verta eit satsingsområde for norske styresmakter i kampen for eit meir berekraftig samfunn, og såleis er det relevant å diskutere dette med utgangspunkt i ein vindpark.
Ein vindpark består blant anna av store mengder stål, betong, kopar, olje , epoxy og glasfiber. Dette må utvinnast, foredlast, verte omdanna til ferdig produkt og fraktast til ein byggjeplass som er anlagt i eit stort utmarksområde som for anledninga er endevendt av gravemaskinar. Dette kan ikkje gjerast utan å produsera store mengder klimagassar. Vert klimagassutsleppa teken med i reknestykket når ein skal utgreia konsekvensane av eit bygge-prosjekt som til dømes ein vindmøllepark? Eg gjekk inn på NVE sine nettsider der konsekvens-utgreiingane for vindmølleparkane i Norge ligg. Eg las gjennom konsekvens-utgreiinga for Midtfjellet Vindpark. Eg fann ingenting der som vitna om at dette med utslepp vart vurdert i konsesjonsarbeidet. Eg las gjennom eit par til utan å finna noko der heller. Eg kom så over ei sak som NRK hadde laga, som gjekk på utslepp av klimagassar frå myrområder i samband med etablering av norske vindmølleparkar. I forbindelse med saka hadde dei teke ein gjennomgang på alle konsekvens-utgreiingane for dei til då 88 vindkraftverka som NVE hadde innvilga konsesjon i Norge. Dei fann ingen dokument som omtalar utslepp av klimagassar.
I den nemnde NRK-saka tek ein for seg utslepp frå oppgraving av myrområde. Myrområder er naturlege karbonlager. Spesielt djupe myrer med mykje vatn og eit beskyttande lag torv over, inneheld store mengder karbon som vert sleppte ut i atmosfæren dersom myra vert grave opp. I saka kjem det fram at forskarar frå NTNU og Jordforsk lenge har forsøkt å varsla NVE om at dette må takast omsyn til når ein utgreier konsekvensane av prosjekta. Ifølge NVE har dette vore ei nokså ukjend problemstilling, men at dei meiner å ha tilstrekkeleg kunnskap til å vega fordelar mot ulemper i konsesjonsarbeidet. NVE bekrefta overfor NRK at det ikkje vart gjort ei konkret avveging av antal tonn utslepp i enkeltsaker, men at dei hadde vektlagt at ein skal unngå inngrep i myr. Å forsøkje å talfesta utsleppa hadde altså ikkje vore aktuelt for NVE då saka vart publisert i november 2020. NRK forsøkte i arbeidet med saka å kartleggja mengda myr innafor områda som var gjeven konsesjon. Deira analyse kom fram til at det var dokumentert totalt 45 274 412m2 myr innafor områda. Dei faktiske tala er anteke å vere eindel høgare på grunn av at det er 23 konsesjonar der det ikkje er laga kart over konsesjonsområdet. Karbon tilsvarande 250.000 tonn CO2 kan vere lagra i torva på berre éin kvadratkilometer myr. Dette ifølge professor og myrekspert ved NTNU Vitenskapsmuseet, Asbjørn Moen. Med andre ord har det samla området som er kartlagd for vindmølle-konsesjon i Norge eit utslepps-potensiale på over 11,3 milliardar tonn CO2. I tillegg har ein ikkje teke seg bryet med å kartleggja 1/4 av konsesjonsområda. Har NVE ikkje vore klar over dette? Eller har dei valt å sjå vekk frå det? For om eit tiltak skal reknast som grønt, må vel det innebera at ein får ein netto reduksjon av utsleppa samanlikna med alternativ frå fossilenergi? Var til dømes Andmyran Vindkraftverk i Nordland der tett på 90% av konsesjonsområdet bestod av myr, eit berekraftig klimatiltak? Og korleis kan ein i så fall vite det, om ein ikkje har rekna på det? Om nokon til dømes skulle leggje fram ein påstand om at straum generert av diesel-aggregat forureinar mindre enn vindkraft i norske fjellheimar, kan ikkje NVE dokumentera at denne påstanden er uriktig. Det skal seiast at NVE og ODE (Olje- og Energidirektoratet) no går inn for ei noko strengare linje i neste konsesjonsrunde. Det kjem inn eit krav om kartlegging av klimautslepp i byggje-fasen. Om dette vil føra til nokre endringar i forhold til avslag på konsesjon står att å sjå.
Så går me over på noko som ikkje gjev utslag på dei norske utsleppa. Stål og betong er vesentlege bestanddelar i ein vindmøllepark. Tanken som ligg til grunn er at Europa må byggje ut store mengder fornybar kraft for å verte mindre avhengig av gass-import frå Russland. Derav trengs det ei storstilt satsing på vindmøller. Som igjen gjer oss avhengig av stål, sement og sjeldne mineral frå til dømes Kina, India eller endåtil Russland. Ei problemstilling som kan vere interessant å fundera litt over er om dei geo-politiske forhalda vert stabile nok framover til å forsyna Vesten med dei mengdene dei vil trenga av dette. I denne saka tenkjer eg ikkje å koma for mykje inn på dette. Men ein bør ha ein ting klart for seg. Det er dei landa som forureinar mest som produserer dei materiala me er så avhengig av for å gjennomføra vår del av energiomstillinga. Alt heng saman med alt. I atmosfæra vert landegrensene viska ut.
Eg har ikkje lukkast med å finne norske tal på kor mykje stål og betong som vert nytta i vindmølleparkane i Noreg. Energimyndigheten i Sverige har laga ein rapport der vektene er estimert. Rapporten tek utgangspunkt i turbinmodellen V90 - 2.0 MW, Vestas med navhøgde 80 meter. Eg tek utgangspunkt i at desse tala nokolunde tilsvarar Nordex N90 turbinar med navhøgde 82 meter som Fitjar vindmøllepark har 34 eksemplar av. Dei resterande 21 møllene i parken er noko større og ein kan nok rekne med at tala er ein del høgare for desse. Om nokon sit på eksakte tal på dette er det berre å ta kontakt. For å ikkje komplisera reknestykket reknar eg alle dei 55 vindmøllene med utgangspunkt i desse tala, sjølv om summane då vert ein del lågare enn realitetane. Rapporten estimerer vekta på tårn og turbin til å vere mellom 240 og 303 tonn. Variasjonane kjem av varierande tårnhøgde. Ca 84% av dette utgjer stålet. I tillegg reknar dei med 750 tonn betong og 40 tonn armering i fundamentet. Om me held oss på den konservative sida og reknar vekta på tårn og turbin til å vera 240 tonn, kjem ein fram til at stålet i dette utgjer i overkant av 200 tonn. Resten består av turbinens bestanddeler som kopper, aluminium, girolje etc. Gongar ein 200 tonn stål med 55 møller kjem ein til 11 000 tonn stål. Me gjer det same med betong og armeringsjern og kjem til 41 250 tonn betong og 2 200 tonn armering. Om ein reknar CO2 utsleppet for stål til å vera 1,8 tonn pr tonn stål kjem ein til 23 760 tonn CO2 om ein tek med armeringsjernet. Om ein reknar CO2 utsleppet for betong til å vere 1 tonn pr tonn betong kjem ein til 41 250 tonn CO2. Totalt utslepp for stål og betong vert då ca. 65 000 tonn i eit svært konservativt anslag. For 55 vindturbinar. Totalt har me 1386 operative turbinar i Noreg. Om ein brukar dei same nøkkeltala vert det 1 372 140 tonn C02. Så får me sjå kva framtida vil bringa. Var det 10 000 møller me skulle opp i? Er det det som skal til? Ein ting er sikkert; desse små-møllene som eg har rekna på høyrer fortida til. Framtidige vindmøller vil vera på mellom 4-7MW. Mykje meir stål og betong må til for å halda oppe desse kolossane. Kolossar kjem det også i Nordsjøen. 1500 gigantiske vindturbinar av stål og betong er visjonen. Og myndigheitene kallar det ei nullutslepps-løysning.
Å rekna på totale utslepp frå grøne prosjekter er eit omstendeleg arbeid med store, usikre variablar. Det er ikkje noko ein som privatperson bør gje seg ut på, for det vert særdeles vanskeleg å setje to strekar under svaret. Eg har difor ikkje gjort noko forsøk på å rekne på til dømes transport. Det er nok snakk om betydelege tal. Ein får ikkje plass til mange vindmøller om bord på eit lasteskip. Dette er nok meir eit arbeid for dei store konsulentselskapa å rekna på. For det burde vel vere slik at det i samband med konsekvens-utgreiingar burde vore utarbeida rapportar der dette vert forsøkt kalkulert? Berre slik kan ein vite om dette kostar meir enn det smakar. Og med gode gjennomarbeidde kalkylar kan ein ta betre avgjersler og lettare vega fordeler mot ulemper. Ein kunne til dømes ha samanlikna vindkraft mot kjernekraft i eit globalt utslepps-perspektiv. Dessverre vert det ikkje praktisert slik. For energipolitikk handlar ikkje berre om klima. Det handlar om nasjonale og internasjonale marknadskrefter, om geo-politikk, maktforhold mellom statar og om korleis ein styrkar sine internasjonale alliansar. Det handlar om offentleg og privat næringsliv som skal ha noko å leva av, og om arbeidsplassane dette skapar. Og det handlar om forsynings-tryggleik. Men fyrst og fremst handlar det om pengar. Statleg subsidieringsvilje er stor når det kjem til det grøne skiftet. Ein må forventa då at sterke kapitalkrefter driv tung lobbyisme for å påverka spelet i eigen favør. For mange av aktørane i dette spelet er omfanget av utslepp frå dei grøne byggje-prosjekta mest sannsynleg heilt uinteressant. Slik det nok også er for NVE som etter alt å døme er meir opptekne av at dei planlagde kraft-utbyggingane faktisk vert gjennomførde. For det hastar verkeleg. Mest av alt fordi det er mangel på straum i Europa. Klimakrisa og energikrisa er vorten ei merkeleg samrøre der alt heng saman med alt og det dreg av gårde i alle retningar. I Tyskland riv dei vindmøller for å koma til førekomstar av kol under. Kva blir det neste?
Eg rundar av med det innleiande spørsmålet. Kan me bygga oss ut av klimakrisa? Det tvilar eg sterkt på. Ikkje på den måten det vert gjort no. Vindkraft forureinar for mykje og det er ikkje ei frittståande løysning. Utbygging av vindkraft medfører at ein også må byggja ut balansekraft så ein kan ha nok straum når det ikkje er vind. Dette må også takast med i berekningane. Det verkar ulogisk å byggja nullutslepps-løysningar med så store mengder stål og betong, og med så store anleggsområde med naturlege karbonlager. Ein bør i alle fall kalkulera dette mykje grundigare enn det har vore gjort til no. Eg forstår heller ikkje den kategoriske avvisinga av kjernekraft som ei del av løysinga. Dei store partia på Stortinget er gjennomgåande negative til å diskutere kjernekraft. Lokallag og ungdomslag i dei same partia verkar å vere mykje meir opne for dette. Dersom ein skal kunne bygga ut løysningar for klima- og energikrisa må ein vere villig til å snu alle steinar. Så langt har det vore ein stein dei norske styresmaktene ikkje har vore villige til å snu. I lys av at Statnett no melder om at det framtidige straumbehovet vert mykje høgare enn tidlegare anteke, er det på tide å snu også denne steinen. Om ein skal klara å bygga seg ut av klimakrisa, kjem ein ikkje utanom kjernekraft.
Kjelder:
https://www.sabima.no/trua-natur/myr/
https://www.norcem.no/no/sementproduksjon-co2
https://www.nve.no/energi/energisystem/vindkraft/data-for-utbygde-vindkraftverk-i-norge/
https://www.nrk.no/klima/xl/vindkraft---ikke-sa-bra-for-klima-som-vi-tror_-1.15157461
https://www.theguardian.com/world/2022/oct/26/german-windfarm-coalmine-keyenberg-turbines-climate
https://www.steelonthenet.com/kb/co2-emissions.html
Bilder: Pexels.com & Pixabay.com -med lisensierte rettighetar
Merknad: Om du finn feil eller manglar i teksten set side-syn pris på om du tek kontakt og påpeikar dette.