Kvar hamnar avfallet vårt?

22.03.2023

Har me gode system for avfallshandtering?

Korleis vert avfall handtert i Noreg? Tenkjer du at ein har gode system for avfallshandtering her til lands? Kva med Europa elles? Eller USA? Har desse landa òg berekraftige system for handtering av avfallet sitt? Utan å vita noko om dette ville eg tenkt at Noreg og dei velståande landa i Europa er gode på dette, medan USA og dei fattigare landa i Europa kan ha litt å gå på. Det verkar uansett openbert at den vestlege verda har langt betra rutinar på dette enn fattige land i Asia og Afrika. Men kva om eg seier at vestlege land, inkludert Noreg eksporterer farleg avfall til fattige land som ikkje har rutinar for å handtera dette. Ville du trudd meg? Det kan verka utruleg men det er faktisk sant.

Riksrevisjonen sin rapport

Utdrag frå Riksrevisjonen sin rapport: Myndighetenes kontroll av grensekryssende avfallstransporter Dokument 3:6 (2022−2023):

«Avfall har utvikla seg til å verte ei internasjonal handelsvare. Dette kjem mellom anna av at avfall kan innehalda verdifulle materiale som kan vinnast ut. Avfallet må dessutan handterast på ein trygg måte, og dette er kostbart. På avfallsområdet har ein såkalla omvendt økonomi der bedriftene som tek imot og behandlar avfall, får betalt når dei får avfallet, medan kostnadene til behandling kjem etterpå. Det gir eit insentiv til å ta snarvegar og utgjer dermed ein risiko for at miljøgifter kjem på avvegar og hamnar i naturen, der dei forårsakar skade på helse og miljø.»

«I mange tilfelle er ulovleg avfallseksport organisert kriminalitet. Økokrim skriv i trusselvurderinga si for 2022 at avfallsmarknaden tiltrekkjer seg kriminelle aktørar, og at den ulovlege eksporten verkar godt organisert. Det finst ingen presise anslag av mengda avfall som vert eksportert ulovleg. FNs miljøprogram (UNEP) og Interpol anslår at ulovleg avfallshandel og dumping av farleg avfall har ein kostnad på 10–12 milliardar USD på verdsbasis.»

Baselkonvensjonen

Utdrag frå Snl (Store norske leksikon):

«Baselkonvensjonen er ein internasjonal avtale for kontroll med transport av farleg avfall over landegrensene, underteikna i 1989. Konvensjonen har som formål at slik transport skal minimaliserast og at giftig avfall i størst mogleg grad skal behandlast innanfor landegrensene og ikkje transporterast til statar som har forbode slik import. Import av farleg avfall til andre land krev etter konvensjonen at statar gjev løyve til dette på førehand. Konvensjonen set og krav om miljømessig forsvarleg handtering av avfallet. Bakgrunnen for konvensjonen er den aukande eksporten av farleg avfall frå rike til fattige land, som ikkje har tilstrekkeleg miljølovgiving. Konvensjonen tredde i kraft 1992. 185 land, mellom dei EU, har tiltredd konvensjonen per 2016. Noreg tiltredde konvensjonen i 1990.»

Kvifor er det så mykje plast i havet?

I TV-aksjonen 2020 « Eit hav av moglegheiter» gjekk dei innsamla midlane til World Wildlife Fund ( WWF) og deira arbeid med å forhindra plastforsøpling i verdshava. Over 239 millionar kroner vart samla inn i aksjonen. Av dei mellom 9-14 millionar tonn med plast som hamna i havet kvart år vart det anslått at ein fjerdedel kom frå Søraust-Asia. I desse landa er rutinane for avfallshandtering særs dårlege. Det er vanleg at plast anten vert brent eller hamner i elver som renn til sjø. WWF ynskte å ta dette problemet ved rota og midlane frå aksjonen skulle difor gå til å etablera og forbetre avfallssystema for ni byar i fire land i Søraust-Asia: Filippinane, Indonesia, Thailand og Vietnam. Og dette er jo vel og bra. Det er ingenting negativt å seia om dette. Bortsett frå at det ikkje er her rota til problemet ligg.

WWF har brukt mykje ressursar på å kartleggja kva som skjer med plasten i desse landa samt reisa vidare ut i verdshava. Men i skildringa av prosjektet nemner ikkje WWF det som faktisk er kjerna i problemet. At vestlege land eksporterer enorme mengder plast til nettopp desse landa. Med andre ord inngår det i systemet vårt for avfallshandtering å eksportera avfallet til land som ikkje har føresetnad for å handtera det. Truleg kjenner òg WWF til dette, men det vert ikkje kommunisert.

Tidlegare vart enorme mengder plast frå vestlege land eksportert til Kina. I 2018 vedtok Kina eit forbod mot import av plast. Straumen av eksportert plast fann då vegen til andre land i Asia som har mindre føresetnad med å handtera desse store mengdene av plast. Dette førde så til ei kraftig auke av plast i verdshava.

Dei fleste har nok sett bilete av elvar i Asia som er oversvømde med plast, og tenkt at desse landa har frykteleg dårlege rutinar på avfallshandtering. Men at plasten kjem frå oss i den vestlege verda er nok ikkje alle som kjenner til. Det verkar lite intuitivt å driva med sortering av avfall, for så å eksportera det til dei landa som har minst føresetnad for å handtera det på forsvarleg vis.

I 2019 vedtok partane i Baselkonvensjonen å endra konvensjonen for å sikra betra kontroll av global handel med plastavfall, som blant anna innebar eit forbod mot eksport av usortert plastavfall ut av OECD-landa. OECD-landa kan ein noko forenkla karakterisera som dei rike landa, medan land utanfor OECD då utgjer dei fattige landa. Dette har ført til ein vesentleg reduksjon av plast-eksport ut av OECD-området. Ein ser ei klar nedadgåande trend frå 2017 til i dag. Samstundes er det enno litt å gå på, noko denne plansjen illustrerer.

Eksport av EE-avfall i utrangerte bilar

NRK Brennpunkt sin dokumentar «Søppelsmuglarane» frå 2019 tok for seg problematikken rundt ulovleg eksport av elektrisk avfall (EE-avfall). Ved hjelp av GPS-sporing følgde dei uregistrerte kassebilar fulle av EE-avfall frå Bergen, Haugesund og Stavanger via Hamburg til Afrika. Avfallet vart stole frå norske mottaksstasjonar, fylt opp i uregisterte kassebilar der rutene var spraylakkerte for å skjula innhaldet og sendt til Hamburg via danskebåten. Ut frå Hamburg vart EE-avfallet hovudsakeleg eksportert i utrangerte bilar. Både norske og europeiske tollstyresmakter lét bilane passera hamnene, berre med krav om at bilen skulle vere i køyrbar stand. Innhaldet i bilane vart sjeldan sjekka. Kan ein tolka dette som ein stillteiande aksept? Tollstyresmaktene er i alle høve fullt klar over at bilane inneheld noko. Det viser seg at omfanget er enormt og omfattar store leveransar frå heile den vestlege verda. Ein rapport frå FN estimerer at verda produserte 45 millionar tonn EE- avfall, berre i 2016. Berre 20 prosent vart gjenvunne i samsvar med regelverket. Som vil seie at 36 millionar tonn avfall ikkje offisielt kan gjerast reie for det året. Og mengdene aukar for kvart år.

Dokumentaren tek oss med til mottakar-landa på vestkysten av Afrika. Forsendelsane går til blant anna til Nigeria. I Lagos, Nigeria vert bilane selde som bruktbilar. Då få har råd til nye bilar i denne delen av verda, vert etterspurnaden etter slike bruktbilar særs stor. Dette gjer at ein kan få minst 4 gangar så mykje for bilen her enn den vart seld for i Noreg. Det er aukande utførsel av dieselbilar frå Europa til Afrika, noko som kjem av Europa si utfasing av dieselbilar for å etterkoma skjerpa miljøkrav. I gata, gjerne rett på sida av bilen dei vart transportert i, står det nokolunde fungerande kvitevarer oppstilt for sal.

Dokumentaren tek oss vidare med til ei enorm søppelfylling i Agbogbloshie, Ghana. I dette gigantiske røykfylte området ligg det endelause mengder øydelagt elektrisk avfall. Store gjengar av lokale innbyggjarar heilt utan verneutstyr arbeidar med å skilja ut verdifulle materialar frå avfallet. Blant anna brenn dei kablar for å fjerna isolasjon frå kopar. Og bryt sund elektriske apparat for å koma til metalla på innsida. Arbeidet er openbart særs helseskadeleg. Men arbeidarane har ikkje noko særleg val, om dei skal tena til livsopphald. Lokale helsestyresmakter fortel om tungmetall som går over i næringskjeda gjennom luft og jordsmonn. Dette går over i mjølk, egg og grønsaker, som aukar fara for kreft og andre alvorlege sjukdommar hjå den lokale befolkninga.

Sidan dokumentaren kom ut i 2019 har regelverk for utførsel av ee-avfall vorte skjerpa både nasjonalt og internasjonalt. Men her er det ein lang veg å gå. Riksrevisjonen sin rapport om grensekryssande avfallstransport seier følgande:

«Undersøkinga viser at det er fleire utfordringar og svakheiter ved kontrollen til styresmaktene av grensekryssande avfallstransportar. Kontroll- og tilsynsarbeidet er mangelfullt, risikoen for å bli oppdaga er låg og sanksjoneringen er lite effektiv. Dei påviste svakheitene inneber at det er ein betydeleg risiko for at avfall som kan skada helse og miljø, vert eksporterte ut av Noreg på ulovleg vis. Samla sett vurderer Riksrevisjonen dette som kritikkverdig.»

Noreg er det landet i verda som produserer mest ee-avfall pr innbyggar, 26 kg pr innbyggar i 2019.

Forøvrig er grada av resirkulering i Noreg nokså god samanlikna med verda elles, me resirkulerer rundt 50% mot rundt 20% i årleg gjennomsnitt globalt.

Ifølgje tal frå FN er den globale mengda av årleg ee-avfall sterkt aukande medan grada av resirkulering er svakt aukande. Såleis vert det opp til styresmaktene og tollvesenet verda over å hindra at den aukande mengda avfall finn vegen til dei gigantiske uregulerte fyllingane ein kan finna i det fattige landet i verda. Rapporten frå Riksrevisjonen indikerer at ein ikkje kan ha for store forhåpningar, i alle høve ikkje på kort sikt. Dersom ein kan rekna med at praksisen i andre land ikkje er meir effektiv enn i Noreg, ser ikkje dette veldig oppløftande ut.

Ulovleg skipsopphogning

Me les vidare i rapporten frå Riksrevisjonen. Det er enkelt å omgå regelverket mot ulovleg skipsopphogning, fortel rapporten. Majoriteten av skipopphogning i verda skjer i Bangladesh, India og Pakistan. 75 prosent av skipstonnasjen til europeiske eigarar som vart hogga opp i 2021 vart hogga opp i desse landa. Her vert skipa dregne opp i stranda der dei vert demolert for hand, utan omsyn til tryggleik eller forureining til sjø. Sidan 2009 er det demolert 7751 skip på desse strendene, noko som har medført 441 dødsfall ifølge tal frå NGO Shipbreaking Platform.

Utdrag frå Riksrevisjonen sin rapport:

«Det finst to EU/EØS-regelverk som regulerer kvar skip kan gjenvinnast , grensekryssforordninga og skipsgjenvinningsforordninga. Skip som seglar under medlemslandflagg (EU/EØS), skal med visse unntak, hoggast opp ved EU-godkjente verft. Skip som eigaren har til hensikt å kassera, er å ansjå som meldepliktig avfall. Skip som havnar utanfor skipsgjenvinningsforordninga, vert dermed regulert av grensekryssforordninga. Difor er det forbod mot å eksportera eit skip som skal hoggast opp, ut av OECD. Undersøkinga syner at regelverka er enkle å omgå. Skipseigaren kan skifta flagg til ein flaggstat utanfor EU/EØS før skipet vert eksportert, for å unngå å omfattast av skipsgjenvinningsforordninga. Grensekryssforordninga vert ikkje broten dersom eksporten til opphogging skjer frå ei hamn utanfor EU/EØS, og det er vanskeleg å bevisa at eit skip vart til avfall medan det var i Noreg. Dette begrensar myndighetane sine sanksjonsmoglegheter på området. I dei seinare åra har det vore ein nedgang i antall skip med norsk tilknyting som er hogg opp utanfor OECD, jf. figur 1.9 Ifølgje Sjøfartsdirektoratet kan dette ha samanheng med at styresmaktene anmelde forsøket på å eksportera skipet «Harrier» til ulovleg opphogging i Pakistan i 2017, innføringa av skipsgjenvinningsforordninga i 2018 og ei haldningsendring i shippingmiljøet.»

Harrier-saka

februar 2017 la lasteskipet « Harrier» ut frå Høylandsbygd i Sunnhordland og fekk motorhavari på veg langs norskekysten. Forklaringa frå reiarlaget var at skipet skulle til Dubai for ombygging. Forsikringsbevis om bord og forklaring frå mannskapet indikerte likevel at skipet skulle til skraping i Pakistan. Det var ikkje søkt om godkjenning frå Miljødirektoratet.

Skipet var tidlegare eigd av eit norsk selskap, der tiltalte var eineeigar, styreleiar og dagleg leiar. Det hadde vore ute av drift og hadde lege i opplag ved Høylandsbygd sidan 2007. Skipet vart seld til det singaporske selskapet Wirana i 2015. Ein stor del av Wirana si verksemd går ut på å kjøpa opp skip for skraping. Retten var ikkje tvil om at Wirana freista å eksportera skipet for skraping i Pakistan utan løyve frå Miljødirektoratet. Wirana aksepterte eit førelegg frå Økokrim på 7 millionar kroner i oktober 2020 for forsøk på ulovleg utførsel av skipet.

Eineeigaren av selskapet som selde "Harrier" til Wirana vart tiltalt personleg for å ha lagt til rette for at skipet kunne seglast frå Noreg. Sjølve salet til Wirana var likevel ikkje eit straffbart forhold, det straffbare forholdet var at tiltalte hadde gjeve praktisk bistand til Wirana for å klargjere skipet for reisa til Pakistan. Blant anna hadde ein tilsett av tiltalte innhenta tilbod frå eit dykkarselskap for reparasjon av skade i skroget på skipet og dessutan innhenta prisar på bunkers, smørolje og taubåtassistanse.

I Tingretten vart tiltalte dømd til fengsel i 6 månadar. Selskapet hans vart dømd til inndraging av delar av salsbeløpet, 2 millionar kroner.

«Harrier»-saka var fyrste gong grensekryssforordninga vart brukt for å rettsforfølgja aktørar som freistar å hogga opp skip i utviklingsland. Riksrevisjonen ser på det som positivt at Økokrim brukte ressursar på å anmelde og etterforska «Harrier»-saka, og meiner det har vore viktig for å etablera rettspraksis på området.

Saka fekk stor mediedekning både nasjonalt og internasjonalt.

Avslutningsvis

Som Riksrevisjonen sleg fast har avfall utvikla seg til å verta ei internasjonal handelsvare, med stort innslag av organisert kriminalitet. Dette er eit kjempeproblem for dei landa som er på mottakar-sida. Det er dessverre og slik at det er desse landa som har minst føresetnad for å handtera avfallet på ein god måte. Omfanget er så enormt at det og er særs utfordrande for dei eksporterande landa å kontrollera utførselen. Men det er ikkje utelukkande heil-svart. Ein ser at auka fokus og strenge reguleringar har redusert eksporten av usortert plast ut av OECD-landa. Ein ser og at «Harrier»-dommen saman med auka fokus har hatt ein dempande effekt på ulovleg opphogging av norske skip. Det er og aukande fokus på problemet i OECD-landa. I tillegg har me organisasjonar som arbeider målretta med å redusera problemet, blant anna Basel Action Network (BAN) og NGO Shipbreaking Platform og FN. Så ein kan vel seie at det går i rett retning, sjølv om det går ekstremt sakte. Det nok vil ta lang tid før dette problemet er ute av verda, dersom det nokonsinne skulle skje.

Eg får assosiasjonar til Disney-filmen Wall-E frå 2008. Om roboten som er programmert til renovasjon, og som ender opp i eit evigvarande ryddeprosjekt i ein uendeleg skrothaug etter at menneska har forlete planeten. Var ikkje så dum den filmen.