
La det bli Rock! Om rocken sin moralske siger over religionen...
Av: A.I. Eggøy
"Generals
gathered in their masses, just like witches at black masses
Evil minds that plot destruction, sorcerer of death's construction
In the
fields, the bodies burning, as the war machine keeps turning
Death and hatred to mankind, poisoning their brainwashed minds
Oh lord, yeah!"
War pigs – Black Sabbath

I bygda eg vaks opp i på 80-talet rådde det ei intens redsle blant dei religiøse i befolkninga. Eg snakkar om redsla for Metallica, Iron Maiden og WASP. Då det byrja å dukka opp ungdomsskule-elevar med skremande jakkemerke av djevlar og anna fanta-skap på skulen fann kristendoms-læraren vår ut at noko måtte gjerast. Dette var ein form for ungdomsopprør som rysta han langt inn i sjela (eg går iallefall ut frå det...) . Me lefla openbart med krefter me ikkje ana omfanget av. Soleis vart det innført eit eige opplegg i kristendoms-undervisninga der bodskapet vart behørig overlevert. Dette måtte me ikkje befatta oss med. Ved hjelp av illustrerande stensilar på overheaden vart me leda inn i ei verd der paranoiaen for underliggjande bodskap var total. Me vart blant anna fortald at Black Sabbath hadde spela inn baklengs bodskap på platene, der dei oppfordra lyttarane til å begå drap. Og at KISS var akronym for Knights in Satans Service og AC/DC for Anti Christ / Devils Children. Eg likte desse skuletimane. Men ikkje fordi eg tok til meg advarslane frå læraren. Stikk i strid med læraren sine intensjonar fann eg temaet djupt appelerande, og eg var meir enn klar for å overgje meg til energien hard-rocken representerte. Så korleis gjekk det med meg utover i livet? Gjekk det til helvete?
Eg deltok nyleg på landets største rockefestival, Tons of Rock. Saman med meg var rundt 44 999 andre rockarar frå alle landets hjørner, samla til ein formidabel fest for å feira at me framleis diggar at energien frå bass, gitar og trommer smell inn i mellomgolvet og øyregongane. Det var herleg! Men altså: 45 000 øl-marinerte (ikkje berre øl, men mest øl) liksom-satanistar på ein stad; det kunne vel aldri gå bra? Vart portane til helvete opna på Ekebergsletta i førre veke? Kan hende innimellom i det kunsteriske uttrykkjet frå scena, at det dukka opp ein demon eller 3. Men blant publikum? Næh! Rockarar er snille som lam! Alle var glade og greie med kvarandre. Og alle borna kom heilt uskada frå eventet, så sant dei hadde hørselsverna på. I alle høve vart ingen av dei dregne inn i buskane for å verta ofra til Satan. Dersom Black Sabbath spela inn skjulte baklengs-bodskap i sine tekstar den gangen må det ha vore noko slikt som; "Oppfør deg fint i øl-køen!" eller "Beveg hovudet ditt opp og ned i taktfast bevegelse!"
Skal me så ta ein kikk på korleis stoda er hjå dei religiøse? Som kjent har to sterkt religiøse statar opna portane til helvete i Midt-Austen. Hamas som er backa av prestestyret i Iran begjekk i fjor haust ein terroraksjon mot Israel som vart opptakta til ein gjengjeldelse utan sidestykke. Her vert ingenting spart, uskuldige born i alle aldre vert ofra som lam til slaktaren i denne sjuke heilage krigen. Dei er innestengde i dette helvetet og har ingen stad å ryma. Om ikkje dette er djevelsk veit ikkje eg kva som eventuelt skulle vera det. Og som ein slags sidrumpa supporter-gjeng står norske kristne fram i sosiale medium og forsvarar den bestialske israelske krigføringa. Dei fortel om legitime grunnar. Eg kritiserar ikkje Israels rett til å forsvara seg sjølv. Eg skjønar at dei står i ein uhaldbar situasjon, likeeins som sivilbefolkinga på Gaza. Det har meir med det djevelske i at uskuldige born blir sprengt. Alle skjønar at det fins legitime grunnar. Dei drep ikkje born berre for gøy! Men borna vert drepne like fullt. Dette går faen ikkje an å heia på! Eg trur me stoggar der, dette kan fort bikka over kjenner eg.

Eg berre registerer at det som vert kommunisert ikkje alltid samsvarar med det som ligg under. Kristendoms-læraren min var nok ikkje klar over kor mykje ekte glede og energi som ligg og boblar under overflata i hardrocken sitt monstrøse uttrykk – ein kan lett koma til å oversjå glimtet i auga om ein snur seg vekk i redsle. Eigentleg burde han lete oss vere i fred – og heller åtvara oss mot å følgje han sjølv og hans likesinna. For om religion kan uttrykkje kjærleik i ord, fins det tallause eksempel på at det i praksis ofte berre skapar daud og helvete. Så når religion plagar folk over heile verda, plagar rockarane i verste fall dei næraste naboane. Eg er glad eg valgte rocken. Den er mykje fredelegare. No får det faen meg vera rock!
"Now in darkness, world stops turning,ashes where their bodies burning
No more war pigs have the power, hand of God has struck the hour
Day of judgement, God is calling, on their knees, the war pigs crawling
Begging mercy for their sins, Satan laughing, spreads his wings
Oh lord, yeah!"
Framleis War Pigs – Black Sabbath
Bilete: Pexels.com