Mitt forhold til turbulens, blant anna...

05.06.2024

Av: A.I. Eggøy

Eg er ikkje særskilt glad i å fly. Til trass for at eg har opparbeida meg ein god del erfaring på området har eg aldri heilt klart å venja meg til dette. Og eg veit eksakt kva det er eg ikkje diggar med å fly. Turbulens. Eller eigentleg ikkje sjølve turbulensen, men forventninga om komande turbulens. Det følest så uberekneleg og ein må berre sitja der å ta det imot. Skummelt! Eg har sjølvsagt fundert litt rundt dette, men etter ei nokså uryddig innflyging inn mot ein av Noregs kystnære kortbane-striper, fekk eg det eg vil kalla ei slags openbaring. Undervegs såg eg for meg ei rekke moglege utkome av episoda, blant anna: landa i sjøen, landa på venga, landa opp-ned eller kanskje ein kombinasjon av alle tre. Då flyet omsider var trygt nede, og eg skulle løysa det krampaktige grepet mitt frå armkvilarane, fekk eg auge på flyvertinna. Ho sat heilt uanfekta i stolen sin, endåtil med eit lite smil i munnvika. Det var då det slo meg: dette var ikkje særleg farleg, det berre føltes slik.

Det er ytterst sjeldan flya ramlar ned. Sjansen er faktisk 1:11 millionar. Statistisk sett betyr det at dersom du flyg kvar dag, vil det ta 29.000 år før du vil oppleva å døy i eit flyhavari eller at du må flyga døgnet rundt i 86 år for at det skal skje noko dramatisk under flyging. I alle fall dersom ein skal tru den amerikanske undersøkjinga som Aftenposten har laga sak på. Eller om me skal gjenbesøkja ein gammal travar: Vinnarsjansane i Lotto sett frå ein eksistensiell synsvinkel . Sjansane for å vinna i Lotto er uhyre små, men dobbelt så store som sjansa for å deisa i bakken på uforsvarleg vis når du er ute å flyg. Sjansa er faktisk litt større for flyvertinna enn for meg, siden ho pressar marginane litt lengre når det kjem til opphald i lufta. Men ho tek ikkje på veg av den grunn, ho sit berre og flirer av heile greia.

Ein anna ting som er litt rart er at angst for å fly for dei fleste avgrensar seg til angst for at flyet dei sit i skal detta ned. Nesten ingen er redd for å få eit fly i hovudet. Sjølv ikkje eg, som bur i innflygningssona til to flyplassar, har ofra spesielt mange kaloriar på å tenkje over om dette er noko eg skal vere redd for. No skjønar hjerna plutseleg at dette er nokså lite truleg. Den som har lest Side-syn før har gjerne fått med seg at grove overslag er ein del av greia. Men dette kjem eg ikkje til å rekne på. Eg veit at Elon Musk i samband med at ein dyrevern-organisasjon ytra bekymring over fara for at Space X sine rakettar kunne råka kval under landing i Stillehavet, sette seg ned og rekna på kor mykje av Stillehavet si overflate som består av kval. Eg meiner på at dei kom fram til at risikoen var innafor det akseptable. Om du ynsker kan du rekna på kor mykje av flytrafikken sitt potensielle nedslagsfelt som er dekka av din kropp og så multiplisera det med sannsynlegheita for at du og eit fly skal møtast på akkurat dette punktet. Du kan gjerne då avgrensa deg til å rekne på eksempelvis den norske flytrafikken for å gjere det litt enklare. Eg tippar uansett at du kjem fram til eit veldig lågt tal.

Men tilbake til dette med å vere redd for ting. Det verkar som om me ikkje veit heilt kva som eigentleg er farleg for oss. Dette har jo forsåvidt òg vorte forska på – blant anna av Daniel Kahneman, som har skreve om dette i den glimrande boka "Thinking – Fast & Slow"- som blant anna tek for seg vår avgrensa evne til å vurdera dette. Slik som at me er meir redde for å fly enn å køyra bil, eller at me er meir redd for terrorisme enn frityrsteikte smultringar. Her berre slengte eg ut eit eksempel altså – men eg tippar at frityrsteikte smultringar har mange liv på samvitet. Då tenkjer eg både på overdreve konsum og på sjølve steikeprosessen.

Under skriveprosessen har eg òg klart å dyrka fram ein ny angst, og det er angsta for å leva med ein hjerne som eigentleg ikkje veit sitt eige beste. Eg er òg framleis nokså skeptisk til å fly, sjølv om eg veit at det ikkje er farleg. Evna til sjølvplaging er i alle høve intakt.

Vi bruker informasjonskapsler for å sikre at nettsiden vår fungerer som det skal, og for å tilby deg best mulig brukeropplevelse.

Avanserte innstillinger

Du kan tilpasse dine informasjonskapsler-preferanser her. Aktiver eller deaktiver følgende kategorier og lagre valget ditt.

De essensielle informasjonskapslene er avgjørende for sikker og riktig drift av nettsiden vår og registreringsprosessen.
Funksjonelle informasjonskapsler husker preferansene dine for nettsiden vår og aktiverer dens tilpasning.
Ytelsesinformasjonskapsler overvåker ytelsen til nettsiden vår.
Markedsføringsinformasjonskapsler lar oss måle og analysere ytelsen til nettsiden vår.