Når påhengsen stoggar...
Av A.I. Eggøy
Det kan godt vere at du har høyrt om dette allereie, det har vore ein del skriverier om det i det siste. Men eg tek ikkje sjansa. Dette er basiskunnskap som alle må kjenna til. Elles kan det hende du rek rett til havs. I alle fall om du har båt, og påhengs.
For ei tid tilbake tinga eg eit opphald på ei hytte i vakre Ryfylke. Tilhøyrande hytta var ein 14 fots Pioneer, akkurat stor nok til at 3 romper kunne setja seg på toftene utan at båten gjekk til bunns. Den tilhøyrande 15 hestars påhengaren var ikkje direkte lettstarta, men med litt choke og litt pågongsmot hosta motoren seg i gang på eit vis.
Me la frå kai og sette kursen mot der me tenkte det kom til å vera fisk. Etter eit par hundre meter, eller ein tiendedels nautisk mil som ein sjømann utvilsamt ville sagt, kom det nokre faretruande hostekuler frå motoren. Så vart det brått stille. Eit titals håpefulle drag i startsnora fungerte som ei slags oppvarming før den nært foreståande roturen tilbake til kaia. Den dagen vart det poteter og rømme til middag.

Noko
liknande har moglegvis hendt med deg, og du har kan hende lurt på kvifor.
Sjansa er stor for at du har vorte offer for eit lurt påfunn frå statlege
makter. Norske styresmakter vil gjerne bidra til at den globale termostaten
held seg på eit nokolunde anstendig nivå og for å få dette til må ein setja
alle klutar til. Alle forslag vert motteke med stor entusiasme, gode som
dårlege. Det heile kan minna om eit kjempeeksperiment, der ingenting skal vera
uprøvd. Om eit og anna ikkje fungerer er ikkje så viktig, så lenge signaleffekta
av å erstatta noko lite miljøvennleg med noko litt mindre lite miljøvennleg kan
gjenspegla det statlege ambisjonsnivået på ein måte som Moder Europa let seg
imponera over.
Og slik vart det til at det vart vedteke av den norske stat, at bensin skal innehalda 10% etanol. Det fungerer ikkje som bensin utan etanol, men det tek seg bra ut i konkurransa om å ta seg bra ut. Og det er det som er viktig.
I til dømes ein bil som er dagleg i bruk, utgjer ikkje dette miljøvenlege heksebrygget noko stor fare. Det er når motoren vert ståande ubrukt over tid at problema oppstår. Etanolet trekk til seg kondens som legg seg i forgassar og innsprøytningsdyser, i tillegg til at det tærar på slangar og foringar. Om du er riktig uheldig kan dette føra til totalt motorhavari og store verkstadkostnadar. Med vennleg helsing staten. Det einaste botemiddelet mot skadeverknadane frå dette sokka-vatnet* er å ikkje bruka det. Då må du bruka 98 oktan, som framleis er å få tak i på einskilde bensinstasjonar. Enn så lenge.
Ein lyt òg kjenna til problemet om ein skal kunna gjera noko med det. Staten har jo tradisjonelt sett vore ivrig på å informera uopplyste sjelar om kva som kan vera skadeleg for vedkomande, men i denne saka har dei klokeleg valgt å vera tause. Når ein gjerne vil sjå bra ut, er det ikkje kan hende så freistande å ikkje sjå bra ut. Men informasjonen kjem no sigande litt etter litt, slik at det med tida vert litt færre havaristar å ta seg av for redningstenesta.
At staten ikkje alltid klarar å skilja snørr frå bart når det gjeld klimatiltak har ein kan hende fleire eksempel på. Men det eksempelet som skin klarast er kan hende frå Mosambik. At Noreg ikkje ynskjer å gjera det lett for seg ved å rekna CO2-opptaket i skog inn i klimarekneskapen er ei kjend sak. Men dei tykte i alle høve at skogplanting i Mosambik var eit turvande klimaprosjekt dei kunne stilla seg bak, som finansiell ryggrad for det norske selskapet Green Resources. Over ein halv milliard norske kroner har via den statlege finaniseringskanalen Norfund funne vegen til Mosambik. Dette måtte jo berre verta bra!

Eller bra vart kan hende litt feil ordval. I Mosambik er det nemleg slik at staten eig all jord, som dei så leiger ut til lokale bønder. Då det norske selskapet kom inn med frisk kapital, førde dette til at den Mosambikiske staten fordreiv tusenvis av bønder frå gårdane dei hadde dreve i generasjonar, slik at ein kunne starta treplanting i matjorda deira. Dette førde til eit rettmessig opprør blant bøndene, som sette fyr på dei nye plantefelta. Det enda med at den fattige småbonden Alifa Aide reiste eins ærend til Noreg for å få norske styresmakter til å stogga med galskapen.
Det er nok mykje ein kan gjere for klima, både personleg og statleg. Men framleis er det slik at fornuft og funksjonalitet ofte kjem i skuggen av behovet for å framstå som ein gjer noko bra, sjølv når ein gjer noko som er borti natta idiotisk. Som å fordriva bønder i Mosambik, eller framprovosera motorhavari langs Norskekysten.
Men no er
i alle høve du informert . Så slepp du å reka til havs. Det får me vere glade
for.

Kjelder:
https://www.nrk.no/klima - Norsk skog plantet i Afrika, skulle hjelpe fattige og redde klima - ble pengesluk og skapte konflikt
Bilete: pexcels.com
*sokka-vatn er eit uttrykk som var mykje nytta i Noreg under andre verdskrigen for å skildra den stusselege erstatninga for kaffi som smakte omtrent som om du hadde kokt sokkane dine i vatn og servert avkoket som kaffi.