Om EU sin finurlege energipolitikk
Av: A.I. Eggøy
Energiomstillinga
EU vert ute i verda hylla for si satsning på den grøne energiomstillinga. Side-syn.no har kikka nærare på temaet og er ikkje fullt så overtydd.
Til liks med EU sentralt ynskjer fleirtalet av partia på Stortinget ei enorm satsning på fornybar energi. – «Me må fasa ut olje- og gassutvinninga til fordel for sol og vind» er omkvedet. «Meir av alt, raskare»: er slagordet. Det siste er også tittelen på rapporten Energikommisjonen utarbeida på oppdrag frå norske styresmakter, for å understøtta det dei allereie hadde konkludert med. Men dette med kraft er ikkje plankekjøring. Eit kraftsystem må heile tida vere i balanse for å ikkje kollapsa. Det vil seie at når vinden ikkje bles og sola ikkje skin må ein balansera kraftsystemet med alternative kjelder. Dei alternative kjeldene må kunna levera heile lasta når fornybar energi ikkje leverer, og må soleis heile tida ha ein kapasitet som er minst like stor som kraftvolumet frå fornybar kraft. I Noreg kan dette balanserast med vasskraft og i eit lukka nasjonalt energisystem kunne det soleis vore ei grei løysning å supplera med vind og sol, for å auka fyllingsgrada i vassmagasina. Men Noreg kan ikkje med si vasskraft balansera fornybar-satsinga i heile Europa. Som balansekraft i Europa vert det nytta store volum av kolkraft, naturgass, kjernekraft og eit (i europeisk samanheng) lite volum av norsk vasskraft. Fornybar energi er uløyseleg knyta opp mot desse energiformene. Av dei fossile energiformene er naturgassen Noreg eksporterer i røyr, den reinaste energiforma. Gassen fortrenger store mengder kolkraft.
Energikrisa
Europa er inne i ei særs alvorleg energikrise. Krisa er trigga av krigen mellom Russland og Ukraina, men sårbarheita i energisystemet har EU sjølv sytt for. Vidløftige planar om grøn omstilling basert på vind- og solkraft kombinert med einskilde statars ynskje om å leggja ned kjernekrafta som kunne bidrege med grunnlast til systemet, viste seg å vere oppskrifta på kaos. Å gjere seg avhengig av russisk gass-import var ikkje spesielt smart.
Nedlegging av kjernekraftverk midt i ei energikrise er ikkje spøk. Belgia har etter at energikrisa tok til lagt ned reaktorane Doel 3 og Tihange 2 med ein installert kapasitet på henholdsvis 1006 og 1008 MW som produserte rundt 16 TWH årleg. I april i år la Tyskland ned sine 3 siste kjernekraftverk, og har med det fasa ut all si kjernekraft. Samla sett sytte tysk kjernekraft for produksjon av 64,4 TWH i 2020. Det skal seiast at ein del av desse reaktorane var byrja å bera preg av aldring, og ikkje kunne oppretthaldast i det uendelege. Men der Belgia valgte å leggja ned 2 reaktorar som var byrja å verta problematiske, valde Tyskland å leggja ned alt. Bortfallet av dette volumet av kraft midt i ei energikrise set sine spor. For å fylla vakumet har det vorte naudsynt å gjenopna kolkraftverk. I 2022 produserte EU 110 TWH meir kolkraft enn 2 år tidlegare.
Utfasing av røyrgass
På mellomlang sikt ynskjer EU fram mot 2030 å starta utfasing av naturgass. Fyrst skal dei fasa ut gassimporten frå Russland, som dei framleis importerer gass frå – berre ikkje som røyrgass men som LNG (LNG – Liquid Natural Gas) som ikkje er inkludert i EU sine sanksjonar mot Russland. Målet til EU er å gjera seg uavhengig av russisk røyrgass innan 2027. Når dette målet er nådd har EU signalisert at dei vil byrja utfasinga av den norske røyrgassen. Det heile skal oppnåast i ein kombinasjon av energisparing, overgang til hydrogenimport, fornybar-satsing og import av LNG frå USA og Midtausten, samt å auke kolkraftproduksjonen fram mot 2030. Desse to siste punkta er verd å bita seg merke i.
Naturgass kjem seg ut til forbrukar på to måtar. Anten gjennom internasjonale røyrsystem eller i nedfrosen tilstand (LNG – Liquid Natural Gas) levert til eit mottaks-anlegg som distribuerar gassen vidare til forbrukar. Medan røyrgassen nesten ikkje har effekttap frå kjelde til forbrukar, må LNG frysast ned til 161,4 grader Celsius, fraktast med skip til mottaksbase og så tinast opp att til gassform. Soleis er røyrgass soleklart betre enn LNG i høve klimagass-utslepp. Det er utan samanlikning den reinaste forma for balansekraft som er tilgjengeleg for Europa i dette omfanget. Det einaste alternativet er eksisterande kjernekraft, som fleire land i Europa altså har stengd ned. Men så er det slik at sjølv om CO2-utsleppet vert teken opp i vår felles globale atmosfære, vert registreringa av utsleppet registrert mot utvinnande og transporterande nasjon, og såleis framstår som mykje reinare i det europeiske utsleppsrekneskapet. Sjølv om det nok er enkelte idealistiske drivkrefter i EU systemet handlar ikkje dette utelukkande om klima. Teoretisk logging av dei nasjonale utsleppa har ikkje så mykje betydning i den verkelege verda.
LNG frå Quatar
Men det var altså denne LNG-en. Shell i Nederland og Total i Frankrike teikna tidlegare i haust kontraktar med Quatar Energy på leveranse av (pr kontrakt) 3,5 millionar tonn LNG pr år i 27 år. Kontraktane har oppstart i 2026 og vil då altså ha sluttdato i 2053, 3 år etter at EU skal vera eit planen skal vere eit nullutslepps-samfunn. Det er altså slik EU, verdas ledestjerne på klima og grøn omstilling, i praksis innrettar seg. Ved å styrka ein autoritær stat dei fordømer utad, og ved å triksa med tala i klimarekneskapen.
Eu ynskte for ei tid tilbake å koma seg vekk frå langtidskontraktar på gass og forhandla fram avtale om handel på spotpris. Sjølv om Noreg og Russland i utgangspunktet ikkje ynskte å gå med på dette, fekk EU til slutt gjennomslag for dette ynsket. Dette fungerer greitt i en fredeleg marknad der partane var innstelde på handel og samarbeid, men endra seg raskt då Russland gjekk til krig mot Ukraina og strupa ned gassleveransane til Europa. Då skaut spottprisen på gass av gårde og dreiv med seg kraftprisane i heile den Europeiske marknaden oppover. Den Sør-norske befolkninga merka dette gjennom galopperande straumprisar, medan den norske stat merka det på ein enorm auke i inntekter. Inntektene kom av sal av el-kraft og naturgass til europeisk spotpris. Noko av enorme overskotet vart gjeve tilbake til befolkninga i form av straumstøtte, noko som auka den offentlege pengebruken som igjen dreiv opp inflasjonen – slik at Noregs Bank måtte koma på banen og setja opp renta. Og slik går no dagane her på berget. I Europa er stoda sjølvsagt enno verre. Dei europeiske landa blør ut enorme pengebeløp på energi, som gjev enorme uerstattelege tap i velferd for dei einskilde statane. Det er mange taparar i dette spelet. Det går hardt utover mann i gata, landbruket og den tradisjonelle kraftkrevjande industrien. Det gagnar heller ikkje klima på noko som helst måte. Vinnarane ser ut til å verta Quatar, blant anna. Tenk litt på det.
Hydrogen
Tilbake til EU sitt ynskje om å fasa ut røyrgassen, fyrst den russiske og så den norske. Planen er altså å erstatta dette med LNG og kolkraft, fram til også dette kan fasast ut til fornybar kraft. Dette vil kan hende på sikt føra til at EU vert mindre avhengig av Russland, dersom dei og avsluttar importen av LNG via bakvegar. Men kvifor ynskjer dei å fasa ut den norske røyrgassen? Me veit at i EU sin klimastrategi foreligg eit behov for 20 millionar tonn hydrogen, der dei ser føre seg å importera rundt halvparten. 10 millionar tonn hydrogen årleg som skal fordelast på produksjon frå Noreg/Storbritannia, sørlege Middelhavet og Ukraina. Slik EU ser det så skal Noreg altså vere ein stor hydrogenprodusent ganske snart. Det har vore forska på å nytta eksisterande gassrøyrledning for eksport av hydrogen.
Hydrogen kan produserast på fleire måter. Ein kan blant anna nytta naturgass eller straum. Hydrogenproduksjon med naturgass utan reinsing er heilt meiningslaust av openbare grunnar. Det vert difor lagt opp til ein industri der me produserer på naturgass med C02-fangst. Alternativet er å produsere elektrisk via vannelektrolyse. Eit problem med begge metodane er til dels store effekttap. Eit anna problem er at hydrogen er verdas lettaste gass, og lekkasjar er heilt uungåeleg. Det er ikkje enno avklart om hydrogen kan skada ozonlaget. Hydrogen er ikkje ein klimagass i seg sjølv men kan føra til auka vanndamp i stratosfæren, noko som kan auka drivhuseffekta. Hydrogen kan også indirekte auka metaninnhaldet i atmosfæren. Dette kan skje ved at stoffet hydroksid som fjernar metan frå atmosfære, også tek opp i seg hydrogen slik at mindre metan vert teken opp. Metan er ein særs potent klimagass, den er 30 gongar meir skadeleg enn CO2 i atmosfæra. Kva rolle hydrogen spelar i forhold til ozonlaget vert det no forska på, og det er foreløpig ikkje stilt noko konklusjon. Så om verdas storsatsning for å berga klimaet faktisk er klimavennleg er enno ikkje avklart. Sidan hydrogen i prinsippet kan produserast nærmast kvar som helst i verda, vil gjera Noreg langt meir sårbare for konkurranse enn me har vore som gassleverandør.
Det ser uansett ut til at Noreg har teke EU sine signal på alvor og det kan ha vore ein faktor då SV fekk gjennomslag for ikkje å utlysa 26. konsesjonsrunde for olje- og gassleiting i slutten av 2022. Det er altså ikkje intensjonen slik det ser ut pr no at Noreg skal leite etter fleire olje- og gassfelt. Så om blått hydrogen med CO2 fangst vert ein suksess og grønt hydrogen ikkje vert lønsamt, kan me sjå for oss at hydrogenproduksjonen vår vil avta saman med gassforekomstane. Dette ser ut til å vera risky business.
Bang for the bucks – fornybar vs kjernekraft
Mekrnad: dette avsnittet har eg delvis saksa frå Jan Emblemsvåg, NTNU professor si siste sak i Finansavisa: "Kjernekraft ville vært mye rimeligere." Eg ber om orsaking dersom du kjenner harme over tjuveriet, Jan!
Fornybarsatsninga i EU er enorm. Berre Tyskland sitt Energiewende har så langt kosta 500 milliardar Euro med eit foreløpig sluttestimat på 6000 milliardar Euro. På trass av dette er Tyskland det landet i Europa som har den mest forureinande straumproduksjonen. Til samanlikning: det dyraste kjernekraftverket i Europa, Hinkley Point C, er anslege å kosta omtrent 33 milliardar britiske pund – ca 447 milliardar kroner. Det har ein kapasitet på 3.300 MW og ei designlevetid på 65 år med ein årleg elektrisitetsproduksjon på 26 TWh. Det gjev samtidig ein termisk restenergi på anslagsvis 45 TWh/år, som kan brukast til andre formål.
Tyskland kunne ha bygd omtrent 15 Hinkley Point C for det Energiewende hittil har kosta, og heile 180 for sluttestimatet. Hadde dei bygd 15 kraftverk og beheldt kjernekraftverka som vart lagde ned, ville Tyskland ha hatt 540 TWh/år med kjernekraftproduksjon, eller omtrent heile elektrisitetsproduksjonen i 2022. Tyskland hadde med andre ord hatt ein karbonfri kraftforsyning for ein brøkdel av prisen.
Når ein veit at storskala fornybar-utbygning i seg sjølv genererer enorme klimagass-utslepp (her legg eg ikkje vindturbin-produsentane sine eigne kalkulasjoner til grunn) samtidig som det legg tungt press på økosystem på land og hav og legg beslag på enorme areal av uberørt natur, verkar det heile ganske meiningslaust. Det kan sjå ut til å vere vår tids største eksperiment, med heile den vestlege verdas samla velferdsfinansiering i potten.
Medan Quatar ler heile vegen til banken, set eg her og er langt meir bekymra for effektane av fornybar-satsninga enn eg er over klimaendringane. Og seier eg over og ut for denne gong.
Kjelder:
Energiåret 2022 med Jon Hustad - DAG OG TID podkast | Podcast on Spotify
https://www.nrk.no/klima/lordag-stenger-tyskland-sine-siste-atomkraftverk
Gassen
fra Russland strømmer til Europa – via Norskehavet – NRK Urix
Qatar supplies gas to Europe, vying with US to replace Russia supply | Reuters
https://www.reuters.com/markets/commodities/qatarenergy-shell-agree-27-year-lng-supply
Ingen 26. konsesjonsrunde i denne perioden – Siste nytt – NRK
LNG – Store norske leksikon (snl.no)
Electricity production by source, European Union (27) (ourworldindata.org)
https://www.rein-energy.no/referanser/rorledninger-for-effektiv-transport-av-hydrogen
Norge skal satse på hydrogen. Men hva skjer når gassen lekker ut? (forskning.no)
Hydrogen som klimaløsning – Norsk klimastiftelse (klimastiftelsen.no)
Metangass truer klimaet – NRK Viten – Nyheter innen vitenskap og forskning
https://snl.no/EU_-_Den_europeiske_union
Kjernekraft
ville vært mye rimeligere | Finansavisen
Bilete: Pexels.com