Regjeringa kranglar...

26.01.2025

Av:  A.I. Eggøy


Vår sitjande regjering har vorte råka av eit snev av usemje dei seinaste dagane… Neida, eg underdriv. Dei kranglar som ville helvete. Striden står om innføring av EU-direktiva i Energipakke 4; Fornybardirektivet. bygningsdirektivet, og energieffektiviseringsdirektivet. Desse direktiva vil binda oss tettare opp til energisamarbeidet med EU, og avgje meir av vår nasjonale råderett over energipolitikken til energibyrået ACER. Arbeiderpartiet er for og Senterpartiet er imot. EU pressar på, dei vil ha dette signert fortare enn faen.

At politikarar dreg ei skrøne er ein nokså van med, sjølv me tradisjonelt naive og tillitsfulle nordmenn og kvinner (og dei som eventuelt ynskjer å verta omtalt på anna vis). Men når Statsminister og Energiminister står med flakkande blikk og seier at desse direktiva kjem ikkje til å utgjera noko signifikant skilnad i den norske kvardagen og at det er nærmast for ein formalitet å rekna, kan ein undrast. Trur dei sjølv på dette? Er ikkje dette ein gjentagelse av dei skrønene me fekk servert då me knyta oss opp mot ACER den gongen? Då eit tverrpolitisk fellesskap sa at dette kan de alle slappa heilt av for; dette kjem de ikkje til å merka! Er det ei forventning der, om at me skal kjøpa denne bodskapen enno ein gong? Samstundes som Finansministeren seier at dette vil innebera suverenitetsavståelse og at me i praksis overfører makta til å utøva vår energipolitikk over til EU. Senterpartiet er klar til å trekkja sin posisjon i Regjeringa på dette. Sjølv om det berre er for ein formalitet å rekna, som Terje Aasland og Jonas Gahr Støre forsikrar oss om, med målretta blikk rett ned i golvet. Statsministeren kunne nok i sitt stille sinn tenkt seg å invitera Høgre opp i Regjerings-ektesenga. Dei er mykje meir opne for Europeisk samarbeid, og ikkje så opptekne av slikt fjas som nasjonal suverenitet. Kva skal ein med nasjonal råderett eigentleg? Er ikkje dette berre eit spel for galleriet uansett? Eit spel med to styringsparti som er einige om det meste, og som helst vil overlata styringa til eit oppkome av byråkratar i Brüssel. Så kan dei sjølv vera eit slags merkeleg dysfunksjonelt mellomledd, fullstendig irrelevante og heilt utan reel styringsmakt. Men med ein feiande flott moglegheit til å skaffa seg personlege internasjonale posisjonar, dersom dei spelar korta sine rett. Slikt skjønar ikkje Senterpartiet seg på. Som dei naive nissane dei er, trur dei enno på nasjonal sjølvråderett.

Jaja uansett, me må koma oss vidare. Eg har ikkje heile dagen. Det trur eg ikkje EU har heller...

Det eg ville seie var at desse direktiva vil gjera det lettare for EU å overstyra lokale prosessar ved handsaming av kraftutbygning, slik at du som kommune (om du identifiserar deg som kommune...) stiller i ein svekka posisjon når dei (ikkje EU, men ein gjeng arbeidarar...) kjem med bore-geit og dynamitt og vil sprengja dei lokale fjellnabbane dine. At det å labba rundt på desse fjellnabbane gjev ro i sjela til denne ansamlinga av klimafornektarar lokalsamfunnet ditt består av, det kan ikkje EU bry seg med. Dei skal jo redda verda for faen, om dei så skal sprengja kvar einaste forbannade fjellnabbe i heile Noreg for å få det til. Kven kan ta seg råd til å ha eit lokaldemokrati, når verda står i brann?

Ein anna ting som vil skje idet dei lydige kråketeikna til Statsministeren endeleg finn vegen til dette flotte og heilt ufarlege dokumentet utstedt av sjølvaste EU (eller eg veit ikkje kven som skal signera, førre gang var det ein Stats-sekretær frå FRP – men det kjem FRP aldri til å snakka høgt om… ) , er at me alle vil verte tvinga til å energi-effektivisera husa våre. Tenkt deg prisen på isolasjon og trelags-vindauge når alle skal ha det…Ein brattare kurve skal ein leita lenge etter, sjølv i våre dagar. Har du råd til å blåsa 2, 3 eller 400 000 kroner på dette? Du, det trur eg faktisk EU gjev ein lang faen i… Verda brenn trass alt. Alle skal med. Sjølv minstepensjonistane. Takk Gud for at Noreg er eit samfunn bygd på tillit !