Sol og vind – reint og trygt?

08.02.2023

Er vind og sol rein og trygg energi? Sidan desse to energiformene no seglar opp som klare favorittar i den fornybare energimiksen bør ein vel kunne anta at dette er uslåelege alternativ? Me får kikka litt på kva tala seier.

Denne plansja syner at sol og vind tek gull- og bronseplassering på desse punkta. Men det er noko som ikkje stemmer her. Dei har gløymt å ta omsyn til kapasitetsfaktoren.

Kapasitetsfaktor er eit nøkkeltall som vert nytta om eit kraftverk for å angje kor stor del av kraftverket sitt teoretiske produksjonspotensiale som i praksis vert utnytta over en tidsperiode.

Det vil seie kor mykje av tida kraftverket produserer straum. Kapasitetsfaktoren til ein norsk vindturbin ligg på mellom 25-40%. For norsk solkraft kan kapasitetsfaktoren komma opp i 10% ved gunstige forhold. Sidan eit energisystem må vere i balanse til ei kvar tid må det nyttast balansekraft når vind og sol ikkje produserer. Vind og sol vil altså vere avhengige av kraft frå eit alternativt kraftverk henholdsvis 60-75% av tida for vind og over 90% av tida for sol. Tradisjonelt har ein i Norge brukt vasskraft som balansekraft. I den europeiske straummarknaden som me no er ein del av vert det nytta naturgass og kolkraft i stor grad. Dette vil me i Norge også importera som balansekraft når fyllingsgrada vert for låg i dei norske vassmagasina.

Det er i stor grad slik at når ein evaluerer vind- og solkraft på økonomi, reinheit og tryggleik vert ikkje dette med balansekraft teken med reknestykket.  Men vil du ha dottera må du ta svigermora også. Derfor har eg tillete meg å tukla litt med plansja.

Dette vert mykje meir reelt. Sol- og vindkraft er heilt avhengig av denne base-lasta for å kunne ha eit anvendeleg føremål. Då er det ikkje anna enn rett og rimeleg at tryggleik og utslepp for base-lasta og vert rekna inn i sol- og vindkraft. Me står då igjen med ei heilt anna pall-plassering.  Merk: eg ser her på kva som er aktuelle energikjelder i Europa, der eg reknar bio-masse som ein uaktuell kandidat. I verdssamanheng ville kraft frå biomasse fått bronseplassering. Revidert pall-plasseringa  vert som følger:

Gull: Kjernekraft   

Sølv: Vasskraft   

Bronse: Naturgass                                                                                                        

Vert det riktig å setja naturgass på tredjeplass? Eg tenkjer det er greitt. Det vert for usikkert å rekne med at sol- og vind nyttar vass-kraft som base-last. Så lenge me er knytta til den europeiske straum-marknaden kan det like gjerne vere gass-kraft eller kol-kraft.

Kjelder:

https://snl.no/kapasitetsfaktor

https://ourworldindata.org/safest-sources-of-energy 

Bilete:

https://www.pexels.com - med lisensierte rettighetar


Merknad: Om du finn feil eller manglar i teksten set side-syn pris på om du tek kontakt og påpeikar dette.